Større offentleg sektor med Høgre
Neste år vert privat sektor mindre og offentleg større om den blå-blå regjeringa får viljen sin.
Lat oss byrja med det openberre: Om høgre–venstre-aksen skal gje meining, kuttar parti til høgre i offentlege utgifter medan dei til venstre aukar dei. Men slik er det ikkje i Noreg. Det er på basis av statsbudsjett særs vanskeleg å seia kva parti som til kvar ei tid styrer her til lands.
Kva skjer om ein reduserer skattane litt samstundes som ein aukar utgiftene med meir enn den samla auken i verdiskapinga (BNP)? Då aukar staten i storleik, og privat sektor vert relativt mindre. Noko slikt vil sjølvsagt ikkje ein Frp-formann vedgå at skjer? Jau då, det er berre å lesa nasjonalbudsjettet, det. Tre land har dei seinaste åra konkurrert om å ha den største offentlege sektoren i OECD: Noreg, Danmark og Frankrike. I desse landa har staten kontrollert 58 prosent av innanlandsøkonomien.
No står Noreg åleine att. Om vi tek med alle pengane som kommunane og fylkeskommunane nyttar attåt staten, er vi her neste år, fortel Finansdepartementet: «De samlede offentlige utgiftene i Norge anslås å øke til knapt 1500 mrd. kroner i 2015, tilsvarande vel 59 pst. av BNP Fastlands-Norge.»
Kraftig auka oljebruk
Det er ikkje noko anna å venta. Den reelle oljepengebruken går kraftig opp. I statsbudsjettet for 2014 var den budsjetterte oljepengebruken, etter salderinga av underskotet, på 137,5 milliardar. Neste år planlegg regjeringa å nytta 174,2 milliardar, ein auke på 26,7 prosent i oljepengebruken. Dei samla utgiftene i statsbudsjettet skal opp med 6,9 prosent på fastlandet.
Her vil politikarane i Finansdepartementet protestera og seia at ein ikkje kan tala om reelle pengar i eit gjeve år, ein må sjå på «strukturelt oljekorrigert budsjettunderskot». Ja, det kan ein òg gjera. Den strukturelle pengebruken er den vi kjem fram til om vi ser statsbudsjettet over tid. No for tida går Noreg berre sånn halvbra, då er det meininga at staten skal bruka litt meir oljepengar. Når det er slik, vil ein ansvarleg finansminister helst tala om det «strukturelle underskotet», altso det underskotet vi hadde hatt før oljepengebruken i eit normalt gjennomsnittsår. Den er på 163,7 milliardar, som er opp frå 142,1, som var planlagt i fjor på denne tida. Når Noreg derimot går godt, og staten får inn mykje i skattepengar frå fastlandet, vert den reelle oljepengebruken lægre enn i eit gjennomsnittsår.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.