Småleg kutt

Publisert Sist oppdatert

Å få til forbetring av bumiljøa i Groruddalen i Oslo er ei viktig oppgåve. Det er mange negative mytar om Groruddalen – til dømes at det er mykje kriminalitet i dalen og at der stort sett er drabantbyar. Begge delar er feil.

Men dalen er prega av mykje trafikk og næringsverksemd med store lagerbygningar og parkeringsplassar som reduserer bumiljøa. I tillegg er det mange innvandrarar som bør følgjast opp av gode integreringstiltak.

I ti år har difor Oslo kommune og staten hatt ei ekstra satsing for å auka livskvaliteten og levevilkåra for innbyggjarane i dette området. Resultata av innsatsen så langt er ikkje overtydande. Trivselsundersøkingar syner ikkje store endringar, og trafikken og infrastrukturen er det gjort lite med.

Men innsatsen har likevel hatt ein del positive resultat. To hundre ulike prosjekt har kome i stand med ulike former for stadutvikling og etablering av grøntområde, kulturaktivitetar og tiltak for å inkludere innvandrarar.

Difor er det bra at prosjektet skal vidareførast. Oslo kommune har sett av 50 millionar neste år, og det var forventa at staten skulle gjera det same. Diverre har regjeringa i statsbudsjettet berre løyvt 33 millionar neste år. Altså 17 millionar mindre enn forventa.

Det er uheldig. Om ein meiner at Groruddalen treng ei opprusting, må ein visa det ved å løyva nok midlar til konkrete tiltak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement