Regjeringas framlegg til kutt i støtta til ei rekkje små norske friviljuge organisasjonar er svært uheldig for dei mange som har glede av arbeidet desse organisasjonane utfører. Vi talar ikkje her om dei store organisasjonane, som Raudekrossen eller Kirkens Nødhjelp, men små organisasjonar som med lite pengar klarer å få til mykje.
Det er merkeleg at Høgre går inn for desse budsjettmessige uvesentlege innsparingane i statsbudsjettet, for vektlegging av friviljug arbeid er ein del av det ideologiske grunnsynet til partiet.
Det same gjeld for Frp, som i prinsipprogrammet skriv at «frivillige organisasjoner er en viktig del samfunnet og bidrar til mangfold gjennom personleg engasjement. Velferdssamfunnet er avhengig av innsatsen til frivillige organisasjoner for å kunne løse fleire samfunnsoppgaver».
At Frp vil kutta støtta til organisasjonar med tilknyting til landbruket – som 4H og Norges Bygdekvinnelag – er vel ikkje uventa. Men kvifor kuttar dei i støtta til Norsk forbund for utviklingshemma og tilskota til krisesentera for kvinner? No må Venstre og KrF nytta tid og krefter på å lyfta desse postane tilbake til utgangspunktet. Vi har sett det same spelet om pressestøtta dei siste åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.