Slutten på «det raude mennesket»

Publisert Sist oppdatert

– I bøkene mine handlar det mest om kor vanskeleg det er å verta frie menneske for folk som har levd eit leirliv så lenge, seier Svetlana Aleksijevitsj.

I timane før namnet på vinnaren av Nobelprisen i litteratur vart kunngjort i haust, dukka det opp eit relativt ukjent namn heilt øvst på lista til spekulantane: Svetlana Aleksijevitsj frå Kviterussland.

Ho fekk ikkje prisen denne gongen, men fleire er visse på at dokumentardiktaren får han – før eller seinare. Svetlana Aleksijevitsj (65) er omtalt som ein av dei viktigaste forfattarane i vår tid.

I 35 år har ho farta rundt i det gamle Sovjetunionen og snakka med fleire tusen menneske. Ho har møtt fleire generasjonar, og bak kvar av bøkene i «Utopiens røyster» ligg det intervju med mellom fem hundre og sju hundre personar. Som journalist har ho samla inn materiale, og sidan har ho arbeidd vidare med det – som poet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement