Slapp norsk boikott

Publisert Sist oppdatert

I all hyllinga av Nelson Mandela kan ein få inntrykk av at Noreg var svært så aktive i anti-apartheid-politikken i 1970- og 80-åra.

Og mykje var bra. Heilt sidan 1954 tok Noreg avstand frå rasediskrimineringa i Sør-Afrika. Vi innførde våpenembargo i 1963. Vi støtta SN-vedtaket i 1976 om at medlemslanda burde bryta det økonomiske samkvemet med Sør-Afrika. Vi vedtok på slutten av 1970-åra å nekta norske verksemder å investera i landet. Og vi støtta frigjeringsrørslene i landet.

Men, det er eit stort men. Sjølv om vi hadde å gjera med eit regime som tiår etter tiår stod for grove brotsverk mot menneskeslekta, var norsk politikk unnvikande når den norske motstanden utfordra våre eigne økonomiske interesser.

Både eksporten og importen av sørafrikanske varer auka i 1980-åra. Det sat mange nordmenn i 1980-åra og åt hermetisk frukt til dessert frå Del Monte produsert i Sør-Afrika eller appelsinar frå Outspan, eller røykte Rothmans-sigarettar med tobakk frå apartheidlandet. Fyrst i 1987 – knappe tre år før Mandela slapp ut av fengsel, vart det innført full boikott av sørafrikanske varer, men enno med mange unnatak.

Og den viktigaste vara Sør-Afrika trong for å halda oppe raseskiljeregimet – råolje –, var norske båtar med på å frakta til landet i store mengder. Norske regjering-ar på denne tida med statsministrar som Odvar Nordli, Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch tok ikkje naudsynte initiativ til å stogga transporten.

Arbeidarpartiet var slett ingen pådrivar på denne tida. Ein kunne ikkje gå åleine, var omkvedet. Som om Margaret Thatcher og Ronald Reagan ville ha drive fram saka. Men norske kommunar var aktive. Eit fleirtal av norske kommunar hadde vedteke boikott lenge før Stortinget gjorde det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement