Sjølvstende var hovudsaka i 1814

Ingen vil vera usamd i at demokrati er bra, men kvifor er dette det einaste vi skal feira av det som kom ut av hendingane i 1814, spør John Peter Collett.

Publisert Sist oppdatert

Det er to hundre år sidan hendingane i 1814, og det offisielle Noreg legg opp til storstila feiring gjennom heile året. Men kva er det eigenleg meininga at vi skal feira? Bodskapen som har gått ut frå den prestisjetunge jubileumskomiteen som Stortinget har sett ned, er klår: «Styrende tema for jubileet er demokratiets betydning og ut--fordringer i vårt samfunn, samt betydningen av et bredt engasjement og deltakelse i hele spekteret av demokratiets institusjoner.»

Ingen vil vera usamd i at demokrati er bra, men kvifor er dette det einaste som vi skal feira av det som kom ut av hendingane i 1814? Det kunne vera nok av anna å hugsa. Til dømes at Noreg erklærte seg som ein sjølvstendig stat i 1814 og har vore det sidan. Eit «frit, selvstændigt, udeleligt og uafhændeligt Rige» som det stod, og framleis står, i paragraf 1 i grunnlova, jamvel gjennom dei 91 åra vi var i personalunion med kongeriket Sverige. Nasjonalt sjølvstende var hovudsaka i 1814 òg for dei som skreiv grunnlova. No, to hundre år etter, er det ikkje noko det er verdt å nemna.

Sjølvstenderørsla

Kvifor feirar vi ikkje 200-årsjubileum for nasjonalt sjølvstende? Sjølvstendet som nordmenn hadde drøymt om før 1814 og som vi har vore stolte av i generasjonar seinare? I 1814 var sjølvstenderørsla den store og skilsetjande politiske hendinga i Noreg. Det var i alle høve dét vi fann på sjølv her i landet.

Det som elles hende, var det andre som påførde oss. Opp mot planane til stormaktene i Europa reiste nordmennene seg i 1814 og gjorde krav på sjølvstende, eit sjølvstende som vi ofra liv for i krigen med Sverige seinare på året, og som vi verna om så godt vi kunne gjennom åra der vi enno hang fast på Sverige. Og grunnlova hadde som sin føresetnad at det sjølvstendige norske folket hadde rett til å vedta sin eigen konstitusjon.

Frå «hundreårsmarkeringa» for unionsoppløysinga i 2005 hugsar vi kor vanskeleg det var å dra fram nasjonal patos. Retorikken frå 1800-talet vekte mest ironiske kommentarar. Dess-utan skulle vi ikkje kalla det «feiring» for ikkje å såra svenskane. Det hjelpte ikkje. Svenskekongen vil likevel ikkje koma til Eidsvoll 17. mai i år. Eg forstår han godt. Feiringa av at Noreg ikkje ville bøya seg for den svenske overmakta, kan nordmennene ha for seg sjølve. Men er det berre svenskekongen som har forstått kva dette gjeld?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement