Satire som sensur

PFU har avvist klagen på pornosketsjane til Trygdekontoret. Men det som blir framstilt som ein siger for ytringsfridomen, er i praksis ein triumf for sensuren.

Publisert Sist oppdatert

Kari Jaquesson går no til politiet med saka. Det gjer ho etter at NRK-leiinga har nekta å beklaga det som skjedde i vår, og etter at Pressens faglige utvalg (PFU) har avvist klagen på innslaget. Saka til Jaquesson sak er ikkje at ho sjølv er injuriert, eller kjenner seg krenkt, men fordi ho meiner at rettssystemet bør sjå på det juridiske i at NRK bestiller og betaler ein film frå eit pornoselskap i USA.

Porno på porno

Men først ein repetisjon. Det starta med at Trygdekontoret og Thomas Seltzer skulle ha temaet porno til diskusjon. Som ein illustrasjon av det bestilte dei ein pornosketsj frå eit amerikansk filmselskap. Det var då Kari Jaques­son kom på bana og sa at NRK hadde brote lova ved å bestille og betale for sex. Det er mot sexkjøpslova, var argumentet hennar.

Då laga Trygdekontoret ein ny sketsj til eit program med temaet krenking, der dei to hovudpersonane vart omtala som Thomas og Kari og spela ei slags samleie-scene. Det førde til sterke reaksjonar frå publikum, men ingen sjølvkritikk frå NRK-leiinga. Kvinnegruppa Ottar sende saka til PFU, som no altså konkluderte med at dette ikkje braut reglane for god presseskikk. Dermed går saka vidare, til ein lengre eller kortare runde i rettsvesenet.

Rømmer debatten

Dette er ei sak ein ikkje bør gjera seg ferdig med for fort. Kor mykje det kjem ut av å senda det til rettsvesenet, kan ein sjølvsagt diskutera. Men Jaquesson skal i første omgang ha ros for «stamina» som det heiter i hennar del av verda; ho held ut på lange distansar. Og i diskusjonen om kva dette gjeld, står det viktige ting på spel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement