Robuste løysingar
Dagens ord er «robust». Det er ordet ein brukar når noko skal leggjast ned.
Det er eit traust ord, heimehøyrande både i bokmål og nynorsk, med latinsk opphav. Robur tyder ‘styrke’, og fylgjeleg tyder robust ‘sterk, kraftig, ein som toler mykje’. Det kan brukast om bygningar og bilar, om born og boksarar.
No har det også fått ei tilleggstyding. Det kan brukast om alt.
Ord i oppløysing
Når eit ord invaderer nye område, slik imperialistane invaderer nye land, skjer det noko med innhaldet i ordet. Meininga blir vidare og vidare, men også meir diffus. Det ordet vinn i omfang, taper det i presisjon. Konsis meining blir erstatta av aura og stemning, som noko umåteleg viktig, uimotståeleg god, eller om ordet er negativt, ei slags vond lukt som ein ikkje heilt kan setja namn på.
Då har ordet slutta å verka klargjerande, det går over frå vitskapen eller kvardagskunnskapen til ideologien. Det er mange ord som har gått den vegen. Etter kvalitetssikring og kvalitetsreform må vi finna nye ord for det som er godt og som fungerer godt. Kvalitetssikring tyder at du ikkje når fram med klagene dine, og kvalitetsreform tyder at ting tek lenger tid, blir dyrare og gir mindre.
Ordet robust har no gått inn i rekkjene av slike trylleord. Tydde det opphavleg ‘sterkt’, så tyder det no ‘stort’, men ikkje i fysisk forstand. Det tyder ei stor byråkratisk eining. Det blir brukt når ein skal leggja ned mindre einingar, trass i at dei fungerer godt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.