Restverdien må takast

Schibsted greier framleis å få store verdiar ut av VG og Aftenposten. Det får dei til gjennom automatiske kutt i forkant.

Publisert Sist oppdatert

Det går knapt ein dag eller ei veke utan av media er fulle av oppslag om kutt i media, og særleg store er visst kutta i Schibsted, så kva er det som går føre seg? Ein grei tommelfingerregel i gode, gamle dagar, sånn om lag for femten–tjue år sidan – om lag då avisene byrja å leggja ut gratisinnhald på nettet – var at tre fjerdedelar av inntektene kom frå annonsar og at ein fjerdedel kom frå tingarar og laussal. Slik er det som kjent ikkje lenger.

I år er det faktisk tjue år sidan ei av Noregs og Europas store suksessverksemder vart grunnlagd, ei verksemd som de facto har øydelagt for avisdrift i heile Europa. I 1995 sat det ein mark­nadssjef i Stavanger Aftenblad, Oddvar Bjørkvik, og irriterte seg over at det var kome nokre nye aktørar – Stepstone og og Eiendomsnet – på dette som Språkrådet ville at vi skulle kalla «verdsveven». Desse to hadde byrja å eta seg inn på rubrikkannonsane til regionavisene, og Bjørkvik kom til at Stavanger Aftenblad burde byrja å tilby annonsørane i avisa ei eiga nettside for slike annonsar. I SAs årsrapport frå 1995 vert «rubrikkdataprosjektet» Oddvar Bjørkvik starta, omtala for fyrste gong: «Kjernen i dette er videreforedling av (…) rubrikkannonser på en slik måte at det muliggjør felles utnyttelse og distribusjon av annonsene, også på andre kanaler enn avisen. I første rekke vil dette si internett, men med mulighet for å utvide dette til tekst-TV og telefontjenester.»

Som sagt så gjort. Stav­anger Aftenblad, Aftenposten, Bergens Tidende og Fædrelandsvennen inngjekk ein teknisk samarbeidsallianse og laga nettsida «vis@visen» i 1996. Ho gjekk godt, så godt at nettsida vart eige AS i 1999 og enda opp her heime i Noreg som «Finn.no». Og sidan Bjørkvik fekk denne ideen så tidleg og sidan Schibsted raskt tok kontroll over verksemda, kunne det same Schibsted eksportera teknologien ut i Europa og taka rubrikkannonsane frå ei rad internasjonale papiraviser.

Store inntekter

Profitten har vore ekstrem: Schibsted er no inne i store delar av Europa, i Asia og i Sør-Amerika. I 2015 omsette rubrikkdelen på internett for 5640 millionar, opp nesten ein milliard frå året før. Driftsmarginen, altså overskot av samla omsetning, var på 40 prosent; ein god kapitalist skal vera særs nøgd med 10 prosent. Problemet er berre at avisene får særs lite av denne profitten. Ja, dei eig litt av finn.no, men dei har tapt annonsane og med det høve til å driva gode aviser.

Underskrivnes eiga utvikling er illustrerande. Då eg vart sambuar for tjue år sidan, byrja vi straks å halda Aftenposten. Så fekk vi born og kjøpte nytt husvære i 2002. Meklaren var klar på at vi måtte annonsera både i Aftenposten og på finn.no. Tre år seinare kjøpte vi eit endå større husvære, vi annonserte båe stader. Så bygde vi hus i 2012 og måtte selja det gamle. Ingen meklar bad oss om å annonsera i Aftenposten, ei avis vi elles hadde slutta å halda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement