Reservasjonsrett mot statleg diktat

I prinsippet har alle legar «reservasjonsrett» mot statleg innblanding i all medisinsk behandling, det vil seia at dei er etisk og fagleg forplikta til å fylgja sitt personlege skjøn. Abortlova bryt med dette prinsippet.

Publisert Sist oppdatert

Utan fri abort bryt det kulturradikale prosjektet saman. Den såkalla frie seksualiteten kan ikkje haldast oppe om vi misser den fulle kontrollen over befrukting og graviditet. Born styrer livet. Dei bind oss frå før dei er fødde og i tjue år framover. Ofte avgjer dei alt som foster kven vi skal leva resten av livet i lag med, når vi skal ta utdanninga vår, kva slags privatøkonomi vi skal ha, kva for sosiale krinsar vi skal ferdast i. Kort sagt tek dei fridomen frå oss.

Det er ein høg pris til og med for seksualiteten. Men slik er livet. Frå dei eldste tider tok menneska omsyn til dette. Det seksuelle livet vart knytt til ekteskapet og verna av dei sterkaste tabua vi kjenner. Braut ein desse, kunne det kosta livet.

Med opplysing, vitskap og teknologi vart tabua svekte og spele­reglane skrivne om. Med den rettslege tilgangen til fri abort vart individet fritt frå herreveldet til unnfanginga. I dag kan vi leva det seksuallivet som om­stenda og marknadsverdien vår tillèt oss, og samstundes sleppa å få born med nokon vi ikkje vil leva med, eller på tidspunkt som ikkje passar oss.

Fridomens pris

Men denne fridomen har ein pris. Når du går til legen eller sjukehuset, åleine eller saman med kjærasten, og får ordna med abort fordi det ikkje passar med livsplanane dine å få barn nett no, eller fordi du ikkje veit om du vil leva med han som ville verta far til barnet, eller om det er han som ikkje vil verta far nett no eller i det heile, eller av andre og betre grunnar, så kan du ikkje vita om du gjer rett.

For den moralfilosofiske saka om abort er ikkje avgjord. Eller rettare: Det er avgjort at saka er så vanskeleg at ein må godta at ulike synspunkt må aksepterast som mogelege og rimelege standpunkt. Også det synspunktet at abort er å ta liv, er mogeleg og rimeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement