Reformtøvet

Publisert Sist oppdatert

Om ein les offentlege utgreiingar frå Finansdepartementet, Statistisk sentralbyrå og Noregs Bank, er det lett å sjå at politikarane har mykje ugjort. Det offentlege konsumet og byråkratiseringa er for omfemnande, og overføringane er for høge. Kort sagt: Velferdsstaten er ikkje berekraftig.

Men gjer dei ulike stortinga og regjeringane noko med det? Nei, for kutt i offentleg konsum og sjuke-løningar er upopulært – like upopulært som ei reell omlegging av avgiftssystemet i kampen mot klima-endringane. For som vi veit, landbruk og transport, sektorane som det er billegast å få ned klimautsleppa i, vert verna av så godt som alle partia på Stortinget.

Så kva gjer politikarane i staden? Dei må òg halda på med noko, så dei reformerer. Dei slår saman fungerande einingar. NAV-reforma, sjukehusreforma, høgskulereforma, politireforma, alle desse reformene har det sams at dei har ført til auka byråkratisering og dårlegare tenester, syner ei rekkje utgreiingar og evalueringar. Men det hindrar ikkje politikarane i å gjennomføra nye byråkratiseringsreformer.

No er det fylka som skal slåast saman. Mantraet er det same landet rundt: Om vi ikkje slår oss saman, taper vi kampen om å ha eit størst mogeleg sugerøyr ned i statskassa. Det siste er at dei tre vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane må slåast saman under det fryktelege namnet «Vestlandsregionen». Kvifor dette må henda utover å få avvikla nynorsken som offentleg språk, er uklårt.

Fylkeskommunen har i dag tre oppgåver: vidaregåande skule, kultur og noko samferdsle. Få om nokon har makta å peika på at det er manglande koordinering på desse felta. Regionteatra fungerer, dei vidaregåande skulane er om noko lyfte opp på eit for høgt nivå og burde heller vera kommunale, og ferjene går no enno.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement