Prislønt makkverk

Når ein Harvard-professor vinn Pulitzer-prisen, kan vel ikkje boka hans vere dårleg?

Publisert Sist oppdatert

Stephen Greenblatt er ein kjend litteraturforskar og professor ved Harvard. Den siste boka hans, The Swerve (2011), handlar dels om den romerske diktaren Lukrets og dels om Poggio Bracciolini som gjenoppdaga verket hans i eit tysk klosterbibliotek i 1417. Den amerikanske undertittelen er «How the world became modern», den britiske «How the renaissance began». RASKT BESTSELJAR Lukrets var tilhengjar av det atomistiske verdsbiletet til gre­karen Epikur, og boktittelen er henta frå dette: Swerve (på latin: clinamen) er ei «brå vriding», i atoma, ei uføreseieleg rørsle, eit tilfelle, og Greenblatt hev­dar at det var eit slikt tilfelle som var årsaka til at Lukrets’ verk ikkje gjekk tapt. I neste omgang var det så dette ver­ket, med sitt atomistiske verds­bilete, som gjorde det mogeleg for verda å bli moderne.

Boka vart møtt med entu­siastiske meldingar mellom anna i The New York Times, ho vart raskt ein bestseljar og ho har vunne ein storeslem av amerikanske prisar: Først Nati­onal Book Award, så Pulitzer­prisen og endeleg James Rus­sell Lowell-prisen. I juryane sat det folk frå dei fremste aka­demiske institusjonane i lan­det, som Harvard, Yale, Prince­ton og Brown. Dette skulle jo borge for kvalitet, men det gjer det diverre ikkje, og den motta­kinga boka har fått frå eksper­tar på området, har vore min­dre entusiastisk. LUNKEN KRITIKK Éin ting er at boka for det meste handlar om andre ting enn det tittelen lovar. Som renessan­seforskaren Anthony Grafton skriv i The New York Review of Books: «We never quite learn, in the end, how the world became modern». Verre er det at, som Grafton skriv med understate­ment: «

The Swerve

is not always as accurate as one would wish.» Kollegaen John Monfasani, i Reviews in history, er endå meir kritisk. Her er ikkje rom for nokon detaljert kritikk av boka; eg har skrive ein lengre omtale av henne i seinaste nummer av Norsk litteraturvitenskapelig tidsskrift og skal berre peike på nokre hovudpunkt:

SUGGESTIV STIL

Greenblatt forklarer aldri kva han legg i omgrepet «moderne», men han ser ut til å meine at verda er moderne i den grad ho godtek Epikurs atomistiske verdsbilete og dei etiske konsekvensane Epikur (eller Greenblatt sjølv, skiljet er uklårt) dreg frå dette. Alt i inn­leiinga vert det klårt at føremå­let med boka er å identifisere epikureismen ikkje berre med det moderne, men med alt som er godt og vakkert, inklusive kunsten og vitskapen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement