Politisk tungetale

Publisert Sist oppdatert

–?Det er eit nyansert bilete. På einskilde område har ein ikkje lukkast så godt, sa utanriksminister Børge Brende (H) til NRK etter lanseringa av Afghanistan-rapporten denne veka. Nyansert bilete? Ikkje lukkast så godt?

Det er trist å høyra slik nedtoning av alvoret i ein svært kritisk rapport om Noreg og det internasjonale engasjementet i Afghanistan. Om ikkje utanriksministeren maktar å ta inn over seg meir av kritikken enn han gjev uttrykk for, gjev det lita von om at rapporten vil få konsekvensar for framtidig norsk utanrikspolitikk.

I staden fekk vi i NRK-debatten endå ei forteljing om jenteskular i Afghanistan. Denne gongen med utgangspunkt i utanriksministerens reise til ein kvinnekonferanse i Kabul for to veker sidan. Det var ein repetisjon av manuset til forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) som i 2012 meinte alle borna som går på skule i Afghanistan, «gir håp om framtida».

Slik har statsministrane, utanriksministrane og forsvarsministrane våre tala dei siste femten åra. Mistaka, problema og dei manglande resultata under krigen i Afghanistan har stort sett vorte underrapporterte.

Og alle har meint at Afghanistan-krigen har vore naudsynt. Ja, gøymestadene til Al-Qaida i Tora Bora-fjella måtte bombast etter 11. september 2001. Men å gå inn militært for å få til eit regimeskifte var eit stort mistak. Dette krigseventyret vart drive fram av USAs hemnmotiv og tru på raske militære løysingar, der Noreg og Europa fylgde etter som nyttige allierte. Dessutan hadde ikkje Taliban internasjonale ambisjonar, det var det Al-Qaida som hadde. Kampen mot Talibans sharialover måtte afghanarane ha stått for sjølve. Det ville heilt sikkert òg gjeve betre resultat.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement