Politikkens Bonnie & Clyde
Same kor vi snur og vender på det, amerikanarane lit ikkje på ekteparet Clinton.
I ei meiningsmåling for NBC News frå 18. august seier berre 11 prosent av amerikanarane at dei reknar det å vera «ærleg og påliteleg» for å vera dei eigenskapane som mest karakteriserer Hillary Clinton. I ei måling for Reuters 9. mai seier halvparten av dei som stør henne, at dei gjer det for å stogga Trump.
Nokre amerikanarar, som den eksentriske og høgreorienterte milliardæren Peter Thiel, støttar Trump på grunn av politikken til Hillary som kombinerer antinasjonalisme og nyliberalisme slik at ein i praksis får ein sosialdarwinisme som splittar menneska i ein høgt utdanna og godt lønt overklasse og ei underklasse som søkk ned i kunnskapsløyse og naud.
I talen sin i The National Press Club i førre veke, som Vox kalla «monstrøst naiv», grunngav Thiel støtta si til Trump med den katastrofale politikken til Hillary som utanriksminister under «den arabiske våren», som ho har truga med å føra vidare som president, med innføring av ei flyforbodssone i Syria, noko som kan føra til væpna konfrontasjon mellom USA og Russland.
Men når meir enn halve veljarskaren ikkje likar Hillary Clinton, heng det kanskje like mykje saman med korleis ho står fram som person gjennom biletmedia. Her verkar ho på mange like uærleg som Donald Trump verkar vulgær.
Pengeskandalar
Sex–?og pengeskandalar har fylgt suksessen hennar heilt sidan 1970-åra, då dei investerte pengar i eigedomsprosjektet Whitewater og i såkalla terminkontraktar innanfor kvegmarknaden, ein slags valutahandel som spekulerer i prisutviklinga. Begge sakene kom i søkjeljoset til massemedia då Bill Clinton vart president, og som vanleg vart paret ikkje dømt for noko alvorleg lovbrot, om ein då ikkje reknar med bøtelegginga av Hillary for skatteunndraging.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.