På veg mot avgift

Rushtidsavgift for å få ned biltrafikken i byane er eit godt framlegg, men det kjem aldri til å verta gjennomført.

Publisert Sist oppdatert

I førre veke kom den liberale tankesmia Civita med eit reint ut sjokkerande dokument, skal ein tru mottakinga det fekk i media. Kva var så oppsiktsvekkjande? Jau, alle har vorte samde om at biltrafikken generelt og rushtidstrafikken spesielt har vorte så galen i byane at ein må gjera noko. Civita har kome fram til at dei vil ha rushtidsavgift.

Som kjent vil høgrefolk mest aldri regulera marknaden gjennom avgifter, av di avgifter er for ein ekstra skatt å rekna. Og som alle veit, er skatt noko dårleg om ein ser på saka med blå augo. Det er betre å lata marknaden avgjera, det gjer marknaden i alle fall best. Når staten skal blanda seg i eitt og alt, vert produkta berre dårlegare og dyrare.

Men no er det altså rushtidsavgift folka i Civita vil ha likevel. Kvifor? Av di dei meiner det er det einaste som kan koma til å redusera køyringa inn og ut av byane. Og det er naudsynt, elles vert vi sitjande i kø heile bunten, dag ut og dag inn. Det er Civita imot, ikkje primært av di det gjev dårleg livskvalitet hjå dei gustne stakkarane som sit der og vansmektar bak rattet, ikkje heller av di dei som bur i byane vert gråfarga i andletet av eksos-pipene som sniglar seg fram og veltar ut miljøgift, men av di det er dyrt.

Kø er dyrt. Må ein nytta mykje tid på å sitja i kø, er det tid ein elles kunne ha nytta på å arbeida. Civita har fått i hende tal frå NAF som syner at kø i by kostar 2,5 millionar kroner per minutt. For ikkje å seia kva det kostar verksemdene at arbeidarane deira sit i kø: Sniglefarten skal koma til å kosta 30 milliardar kroner for næringslivet dei neste tjue åra. Ikkje underleg då at ein må gjera noko, jamvel om det inneber noko så vondt som ei avgift.

Kva det må kosta

Kor høg må rushtidsavgifta vera om ho skal få folk til å velja kollektivtransport framfor bil? Ho må truleg vera monaleg høg, for jamvel om bensinbil alt er dyrt, skal ein ikkje gløyma den psykososiale møda det er å køyra kollektivt i rushtida. L’enfer, c’est les autres, skreiv Sartre: «Helvete er andre menneske.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement