Om symbolpolitikk og dobbeltmoral
Dette landet kjem snart til å drukna i sinnelagsetikk.
Eg har ikkje noka tru på meditasjon, transe er for andre. Men førre veke gjekk brått eit mantra gjennom hovudet mitt, «er og bør, er og bør, er og bør ...» Det varde og rakk, og transen tok meg. Eg kom ikkje til meg sjølv før kameraa var slegne av. Det var min eigen feil, som så ofte før var eg tjukkskalla nok til å stilla opp på «Debatten» i NRK. Eg kjem sikkert til å gjera det igjen, for inne i meg, djupt inn i meg, sit ein optimist og seier: «Denne gongen, Jon, denne gong--en kjem det til å gå bra.»
Vel, det gjekk ikkje bra førre torsdag heller, og nei, eg er ikkje for å avvikla landbruket, leggja ned distrikta og hermetisk stengja grensene. De kan slutta å ringja meg no, ikkje send fleire e-brev heller, og eg har fått nok SMS-ar.
Temaet på «Debatten» var klima og klimapolitikk, som eg har skrive mykje om i Dag og Tid, og som har vore ein sentral del av partianalysane eg laga i vår. Onsdag førre veke ringde ei kvinne frå NRK meg, ho hadde høyrt at eg ikkje trudde på menneskeskapte klimaendringar og lurde på om eg kunne tenkja meg å vera med på «Debatten». Ho vart litt skuffa då eg sa at eg faktisk trudde på menneskeskapte klimaendringar sidan CO2 alltid har vore ein viktig klimagass.
Brått fekk ho von
Men så fekk ho von att, for eg byrja å leggja ut om kvifor eg meinte at norsk og europeisk klimapolitikk var feil. Mellom anna peika eg på at europeisk kraft var 40 prosent dyrare enn amerikansk og kinesisk, og at det i sin tur førde til at kraftkrevjande europeisk industri flytte frå Europa, noko som igjen er uheldig for klimaet. Ei vare produsert i Kina har til dømes langt høgre CO2-avtrykk enn ei vare produsert i Noreg. Det var ikkje nett bra for klimaet at Norsk Hydro flytte aluminiumproduksjon frå vasskraftnasjonen Noreg til Qatar.
Til NRK bar det. Fyrste halvtimen gjekk med til å debattera Frp, som hadde sendt ut Per Willy Amundsen og som hevda at klimaendringane både var menneskeskapte og naturlege, ein etter mitt syn heilt grei posisjon. Klimaet har alltid variert sjølv om vi menneske berre har sleppt ut CO2 i særleg stor skala i hundre og femti år. Men dette synspunktet lika ikkje miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, han meinte at Frp var eit trugsmål mot verdas klima, og sa seg eit stykke på veg samd med representanten for Miljøpartiet Dei Grøne, som vil avvikla all norsk petroleumsverksemd innan tjue år – eit elles totalt urealistisk forslag som vil føra til høgre globale CO2-utslepp. Men som Solhjell sa: «Klimaproblemet er det største problemet menneskeslekta står overfor, og det må vi gjera alt vi kan for å løysa.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.