Kommentar
Ali Khamenei vil kjempa til det siste
Presteregimet i Iran har lidd eit svidande nederlag i krigen mot USA og Israel. Det er likevel langt igjen før regimet gjev opp kampen om makta på heimebane.
Den paramilitære ungdomsmilitsen Basidsj, ei underavdeling av Revolusjonsgarden med opptil 400.000 medlemer, viser styrke, men ikkje andlet i gatene i Teheran i 2023.
Foto: Vahid Salemi / AP / NTB
Det iranske ayatolla-regimet har vore gjennom den kanskje største krisa sidan det tok makta i landet for 46 år sidan. Men diktatoren, Ali Khamenei, har trass alt kome seg levande gjennom krigen mot Israel og USA, ein krig han lenge har varsla ville koma.
No vil han fokusera på å overleva. To «institusjonar» er nøkkelen til framtida for Khamenei og kollegaene hans. For det fyrste handlar det om Revolusjonsgarden. Den andre organisasjonen som skal redda regimet, er ungdomsmilitsen Basidsj, ei underavdeling av Revolusjonsgarden. Denne organisasjonen er lite kjend i Vesten, men frykta og hata blant opposisjonelle i Iran.
Formidabel styrke
Til saman utgjer disse to delane av det iranske valdsapparatet ein formidabel styrke den dagen det kjem ein ny folkeleg oppstand. Ein går ut frå at Revolusjonsgarden og Basidsj til saman rår over meir enn ein halv million medlemer. Revolusjonsgarden er på om lag 125.000 mann, mens Basidsj kan stilla med kanskje 400.000, dei aller fleste unge gutar. Styrken til dei to organisasjonane er mykje av forklaringa på at presteregimet har overlevd i snart eit halv hundreår, sjølv om det har vorte meir og meir mislikt ute i folkedjupet.
Når ein snakkar med iranarar som har delteke i ulovlege demonstrasjonar rundt i landet, fortel dei som regel at det er Basidsj-aktivistar som har gått laus på dei. Så snart det blir meldt om demonstrasjonar ein stad, sender regimet ut Basidsj-medlemer på motorsyklar. Dei går laus på demonstrantane med handmakt eller stokkar. Desse aktivistane er effektive. Heilt frå dei var ganske unge er dei blitt trena opp i noko som frå utsida liknar på ei speidarrørsle. Etter kvart, når ungdomane veks til, blir dei omdanna til stormtroppar for regimet.
Ulikt andre diktatur
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.