Olympisk sløsing

Publisert Sist oppdatert

Kan du namnet på ein kjend skilaupar frå Sotsji? Nei? Det er ikkje rart, byen har ingen og kjem heller ikkje til å få nokon. Sotsji ligg ved Svartehavet og skulle aldri fått arrangera eit vinter-OL. Men etter nokre dagar saman med Den internasjonale olympiske komiteen i Guatemala by i 2007 og 160 millionar kroner i marknadsføring utkonkurrerte Sotsji dei andre kandidatane.

Den norske medlemen i Den internasjonale olympiske komiteen, Gerhard Heiberg, møtte Putin i Guatemala i 2007 «under fire øyne», skriv VG. «Putin er virkelig en norgesvenn», sa Heiberg til avisa.

Det er sikkert rett, men viktigare er det at IOC alt i 2007 burde visst at eit OL i Russland måtte gå gale. Korrupsjonen og Putins tvilsame politiske regime var alt etablert og godt kjent. I staden vart Putin i 2007 trudd på at «det politiske systemet i Russland er godt eigna for ei suksessfull gjennomføring av vinter-OL i 2014».

No får vi altså verdas dyraste idrettsarrangement gjennom tidene. Opninga i dag skjer i eit stadion som kostar 780 millionar dollar. Det skulle ha kosta 230 millionar dollar. Heile OL kostar nærare 300 milliardar kroner. Det skulle ha kosta 70 milliardar kroner – ein vanvitig sum i seg sjølv. Når det heile er over, vil enorme anlegg og tribunar stå att i eit området der rekorden til det lokale fotballaget er 10.000 tilskodarar.

Det russiske folket hadde fortent så mykje meir enn at det styrtrike OL-selskapet i Lausanne i Sveits gav landet den økonomiske børa det er å arrangera eit OL i dag. Og om fire år er det i gang på nytt. Då er det VM i fotball i Russland og nye milliardsløsingar for eit land med stor fattigdom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement