Oljepengebruken til regjeringa
Regjeringa nyttar i statsbudsjettet for 2017 rekordmykje oljepengar. Klassekampen hadde denne veka ei interessant sak der dei fekk Øystein Dørum, komande sjeføkonom i NHO, til å rekna ut kva som vil skje med oljefondet om denne store bruken held fram.
Med ei reell avkastning på tre prosent og den same prosentvise auken som vi har hatt sidan 2001, vil oljefondet verta tømt alt i 2053. Ein slik vekst og ei slik tapping av fondet er nok lite sannsynleg, men det er likevel illustrerande på kor stor veksten i forbruket er i dag, og at ein må stramma inn pengebruken for å sikra fondet i framtida.
I 2002 nytta vi 12 milliardar oljekroner over statsbudsjettet. I 2017 skal vi nytta 260 milliardar oljekroner over statsbudsjettet. Veksten har i gjennomsnitt sidan 2002 vore på 18 prosent. Veksten neste år er på rekordhøge 24 prosent.
Tanken bak oljefondet var at ein skulle ha ein sunn og varsam bruk av pengane. I staden har vi altså pøst på og blåse opp budsjetta. At det er Høgre som er medansvarleg for den store auken i bruken av oljepengar, er overraskande. Kven hadde trudd det for berre ti–femten år sidan?
Oljeøkonomien – og oljepengebruken – har pressa opp lønene, utkonkurrert mykje av annan industri slik at vi no står overfor store utfordringar når dei siste store utbyggingane av oljefelta er ferdige om fem–seks år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.