Nytt klovneattakk på Ibsen

Må vi lage crazykomedie av Ibsen for framleis å kunne syne han fram?

Publisert Sist oppdatert

Teater Nationaltheatret, Amfisce­en:

Borkman

av Henrik Ibsen Bearbeidd av Gabriella Bussacker og Jan Bosse. Regi: Jan Bosse. Scenografi: Moritz Müller. Musikk: Arno Kraehahn

Henrik Ibsens John Gabriel Borkman er eit sårt og gripande skodespel. Ikkje utypisk Ibsen handlar det om skuffa kjærleik, om knuste draumar og om livsløgn. Det er eit kraftfullt gruppedrama med særs tydelege og sterke figurar. Nokre av konfrontasjonane er likevel så høgdramatiske, så patosfylte, at dei ofte kan bikka over i det komiske.

Det er liksom ikkje grenser for kor mykje vi skal svelgje unna av skuldingar mot einannan, av bitre ektefellar, krevjande foreldre og opprørske unge. Men Ibsen hadde humor sjølv, og det er slett ikkje sikkert han hadde noko imot at publikum måtte le. Livet er jo slik i røynda òg, det vonde og ekstreme kan verte så vondt at vi ler i avmakt. Men å balansere dette i dagens teaterspråk på ein forståeleg måte, ja, sjå det er ein vanskeleg kunst.

Teatersport

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement