Nyting på norsk

Mikrobryggjeri i Noreg har vakse med 35 prosent berre i 2013. Ægir i Flåm er med på festen.

Publisert Sist oppdatert

Toget krengjer seg av garde på skjenene mot Myrdal. Utanfor vindauga er eit snødekt landskapsmålarstykke i monokrom så vakkert at ein ikkje skulle tru det var mogeleg, og høgdedraget gjev ein sumarfuglar i magen. Men set eg pris på det? Ikkje heilt.

Eg har reist heilt frå Oslo, eg har nytta morgonen på å reisa med Bergensbana. Eg sit på eit tog som det knappast er passasjerar på, NSB flytter fleire hundre tonn med stål for mi skuld, opp fjell og gjennom dal, slik at eg får koma meg til Myrdal og derfrå vidare til Flåm. Kor mykje energi nyttar dei på det?

Men i staden for å setja pris på ei av verdas vakraste togreiser, vert eg jamt irritert. Det trådlause internettet er ustabilt, kaffien i restaurantvogna er sur, og dessutan er det altfor varmt her inne. Eg kjenner meg så utakksam at eg skammar meg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement