Ny politisk klimanedtur

Publisert Sist oppdatert

FNs klimaforhandlingar, dei 20. i rekkja, er endå ein stor klimanedtur. Målet med konferansen var å leggja til rette for ein global forpliktande avtale i Paris neste år. Det gjev sluttdokumentet frå Peru lite von om. Til det er avtalen basert på for mykje friviljuge utsleppskutt.

Dette fortel på nytt kor krevjande det er å få gjort noko med klimautfordringa. Det er særs vanskeleg å få til forpliktande avtalar mellom rike og fattige land, mellom diktatur og demokrati, mellom velfungerande land og korrupte land, mellom land som lever av olje og land som kjøper olje, mellom land som subsidierer oljebruken og land som har høge avgifter på olja, mellom land som slepper ut lite CO2 og land som slepper ut mykje osb.

Kor høgt trur du klimapolitikken står på dagsordenen i dagens Russland, med ein rubel i fritt fall og stadig meir skjerpa konflikt med Vesten? Eller i Pakistan – som slit med fanatiske terroristar? I tillegg kjem usemja om kva som er god klimapolitikk. Ikkje eingong miljøpartia er samde seg imellom.

Dette fortel oss berre at alle gode krefter må gjera det dei kan for å få til ei positiv utvikling. Medan vi ventar på ein internasjonal avtale, må opinionen i kvart land pressa eigne politikarar til å ta ansvar i eige land – og ikkje godta argumentasjonen om at einsidige tiltak ikkje nyttar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement