Noregs Bank er styrd frå Frankfurt

Noregs Bank har mist det meste av kontrollen over den norske renta. Dei vil ha oss til å tru at ho skal verta høgre og høgre, men ho vert berre lægre og lægre.

Publisert Sist oppdatert

Pengepolitikk

Kvar gong Noregs Bank har såkalla rentemøte, avgjer dei kva styringsrenta til Norges Bank skal vera dei neste månadene. Men dei stoggar ikkje der, dei fortel oss også kva dei har tenkt om framtida, dei fortel oss kva vi kan forventa av rentefastsetjinga i år framover. Kvifor gjer dei det? Av di dei vil vera føreseie-lege. Når folk veit at renta skal opp, så vert dei meir varsame med å låna, seier teorien. Og når dei får vita at renta skal ned, ja, då vert dei meir ivrige låntakarar.

Det er viktig for Noregs Bank å vera føreseielege. Ein bank som er stabil og tydeleg, er ein solid sentralbank, ein bank vi kan lita på. Problemet er berre at vi ikkje kan lita på Noregs Bank, problemet er at Noregs Bank bommar, bommar og bommar.

Kva trudde dei til dømes hausten 2008, då renta var 5,75 prosent, at ho skulle vera om eitt år? Det same, 5,75 prosent. Fasiten vart 1,25 prosent. Kva trudde dei sumaren 2011 då renta var 2,25 prosent at renta skulle vera i dag? På 4,75 prosent. Ho er på 1,5 prosent. Kva trudde elles «marknaden», altså dei som investerer i framtidige renter i 2011 at renta skulle vera i dag? 2,25 prosent.

Sidan 2007 har Noregs Bank stort sett bomma kvar einaste gong dei har spått, og dei har bomma så grovt at om nokon hadde teke dei på alvor og investert deretter, så ville desse ha tapt store summar. Men heldigvis, eller uheldigvis, så er altså marknaden mykje klokare enn Noregs Bank.

Så kan ein alltids seia at Noregs Bank har som jobb å vera yrkespessimistar, og det er i og for seg sant, men eit styre som samstundes vil vera truverdig over tid, kan heller ikkje tillata seg å ropa ulv kvar gong dei møtest.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement