Noreg i krig
Noreg som krigførande nasjon er blitt ein normaltilstand. Vi vil berre ikkje vita om det.
Noreg er i krig – på nytt. Berre tre år etter Libya-krigen – og medan vi framleis er i Afghanistan.
Endå ein gong glir vi friksjonsfritt inn i ein ny krig. For kva gjer statsminister Erna Solberg etter at regjeringa har vedteke å gå med i USA-alliansen mot IS? Held ho ein eigen pressekonferanse der ho får fram alvoret i situasjonen? Nei. Ho overlèt det til forsvarsministeren og utanriksministeren. Statsministeren held ingen tale til landet der ho tydeleggjer at vi skal i krig mot IS. Ho stiller ikkje i Dagsrevyen same kvelden. Der er forsvarsministeren. Ikkje på TV 2. Ho skriv heller ingen kronikkar der ho argumenterer for vedtaket og ber om tillit til at regjeringa har gjort det rette.
Heller ikkje er ho med på møtet i den utvida utanrikskomiteen. På nettsida til Statsministerens kontor er det ingenting som tyder på at landet støttar USA i krigen mot IS. Ikkje eingong ei tilvising til Forsvarsdepartementets pressemelding. Det som står att, er eit intervju på Politisk kvarter på NRK P2, pluss nokre korte spreidde intervju i norske aviser.
«Ingen krig»
Så er heller ikkje Noreg i krig, ifylgje statsministeren: «Det er ikkje vi som skal delta i eit militært åtak. Det er veldig tydeleg … Vi har ikkje sagt at vi er i krig med nokon. Det vi har sagt er at vi skal hjelpe Irak med det de har bedt om», sa Erna Solberg til NTB, sist veke. Spør ein Forsvardepartementet, så er vi heller ikkje i krig: Vi er enno i «ein planprosess».
Dette er Afghanistan-debatten på nytt. Noreg under Bondevik-regjeringa og Stoltenberg-regjeringa var heller aldri «i krig» i Afghanistan. Heller ikkje Noregs massive bombetokter i Libya var «krig». I Libya var vi i ein væpna konflikt med eit FN-mandat der vi skulle verna sivile. I Noreg er altså «krig» noko vi er med på, men ikkje talar om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.