– Nokon må gå føre

– Noreg har eit altfor innsnevra debattklima, seier Per Sandberg.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag kom Per Sandberg, nestleiaren i Framstegspartiet, med boka Mot min vilje. Etterpå har ikkje telefonen stått still, og fredagskvelden skal han på Skavlan.

–?Eg skal prøva å forklara svenskane kva Frp er, ei nokså umogeleg oppgåve. Eg kjem elles til å krevja Herjedalen og Jemtland attende, eg er fyrst og fremst trønder.

–?Du er hard med norske journalistar i boka, kven er Noregs dårlegaste journalist?

–?Har du svært god tid? Det er så utruleg mange som aspirerer til den tittelen at eg ikkje vil nemna einskildnamn sånn i utgangspunktet, men det er klart at om du tvingar meg til å svara, så vil eg nok seia Marie Simonsen i Dagbladet. Det ho ikkje forstår av Frp, er beint ut sagt utruleg. Ho kan ingenting om partiet.

–?Kvifor forstår journalistar Frp så dårleg?

–?Du, eg trur mange av dei forstår oss svært godt, og at mange faktisk røystar på oss og vonar at vi vinn fram både her og der. I seine nattetimar har mange gjeve uttrykk for det. Men du veit, i redaksjonane er det vasstette skott mellom Frp-meiningar og det som kjem på trykk. Og så er det nokre folk som avgjer det meste, alle desse kommentatorane som vert inviterte til debatt i NRK og liksom skal forklara kva vi eigenleg meiner; altså at det vi seier, ikkje er det vi meiner, men noko anna. Eg har faktisk opplevt etter ein debatt i NRK at Frithjof Jacobsen i VG sa at han veit betre enn eg kva vi i Frp meiner. Det er berre til å flira av. For ein tragisk gjeng.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement