Nesten alt lukkast for dei raudgrøne

Om Noreg var som gjennomsnittet i den rike delen av verda, hadde staten hatt 8000 milliardar kroner mindre formue. Finansdepartementet er likevel ikkje nøgd.

Publisert Sist oppdatert

Statsbudsjett i Noreg er nokså traudige saker, dei er meir nærskylde enn sysken, det eine er til forveksling lik det andre, og særleg har det vore slik under dei raudgrøne. Kvart år har alle fått kaffi, som det heiter i Finansdepartementet. Før førre valkamp sa Martin Kolberg frå Arbeidarpartiet stolt at dei seinaste fire år har alle sektorar fått vekst, det kan han seia neste år også. Men eitt unnatak, barnetrygda som står på staden kvil, får alle meir og til dels mykje meir. Det har vore åtte feite år.

Lat oss heller konsentrera oss om nasjonalbudsjettet, som i røynda er kapittel 1 i statsbudsjettet. Der fortel byråkratane i Finansdepartementet den store soga, den om tilstanden i norsk og internasjonal økonomi, i fortid, notid og framtid. Notids­biletet er fantastisk. I 2013 passerer den norske verdiskapinga for fyrste gong 3000 milliardar kroner. Tre billionar delt på fem millionar menneske vert 600.000 for kvar gjennomsnittsnordmann. Tenk på det neste gong du vitjar den gamle mor di på sjukeheimen. Ho representerer ein verdi på 600.000, som elles er om lag det som det kostar å drifta ein sjukeheimsplass.

Størst i verda

Er så offentleg sektor, eller utgiftsdelen av statsbudsjettet, stor i Noreg? Ja og delvis. Om vi ser isolert på Fastlands-Noreg, er vi, alt etter politisk ståstad, best eller verst i den rike delen av verda. Seks av ti kroner av det som vert nytta av pengar på fastlandet, går gjennom offentlege kassar. Det er høgst i OECD. Tek vi derimot med sokkelen, går forbruket ned til om lag fire kroner og 50 øre, som berre er litt over gjennomsnittet for OECD. Men då høyrer det med at AS Noreg sparer 11,4 prosent av den samla verdiskapinga, eller vel 300 milliardar kroner, som gjer oss til OECD-meister i sparing. Neste år vil Oljefondet passera 4,4 billionar, trur Finans­departementet.

Lyfter vi blikket og ser både på Oljefondet, eller Statens pensjonsfond som det no heiter, og tek med alle AS som staten eig eller er deleigar i, stig summen til 5200 milliardar, som svarar til 174 prosent av den årlege verdiskapinga i norsk økonomi. Dette står i skarp kontrast til OECD elles. Der har gjennomsnittsstaten ei skuld på 100 prosent av den samla økonomien. Om Noreg hadde vore i same situasjonen, hadde vi hatt ein økonomisk balanse som var over 8000 milliardar dårlegare, og måtte ha skore 30 milliardar i offentleg økonomi kvart einaste år berre for å halda gjelda stabil.

Ikkje til å forstå

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement