Når media set fyr på Brann

Framstillinga av fotballklubben Brann er eit godt døme på korleis media haussar opp stemninga i mange saker.

Publisert Sist oppdatert

Etter årsmøtet i fotballklubben Brann sist veke tenkte eg som mange andre: Brann er ustyrleg. Kombinasjonen lidenskap, fotball og Bergen må gå gale. Og korleis trur dei at dei kan driva ein toppklubb der supporterar skal vera med å bestemma?

Men då eg kjende att namnet på kvinna som var røysta inn i styret etter eit benkeframlegg, og som gjorde at Kjell Tennfjord trekte seg som styreleiar, vart eg nyfiken.

Kvinna er Åshild Samnøy. Ho arbeidde eg saman med på Chr. Michelsens Institutt i Bergen tidleg i 1990-åra. Ho dreiv med doktorgrad og hadde skrive hovudfag om skipinga av FNs menneskerettserklæring. Før det hadde ho vore journalist i Dagen. Ho voks opp i ein familie som var aktiv i Norsk Luthersk Misjonssamband. I dag er ho tilsett ved det gamle lærar­akademiet i Bergen.

Eg har ikkje tala med henne på mange år, men no er ho altså engasjert i Brann, har vore redaktør for supporterbladet i ti år og styremedlem i klubben i fire. Eg kjende henne som eit fornuftig menneske og tenkte at det var leitt at ho skulle måtte oppleva å vera midtpunkt i bråket rundt Brann.

Synsaren

Frank Aarebrot, professor og rikssynsar, var ein av dei som fyrde opp dette bråket og sterkast kritiserte supporterane og dermed Samnøy: «Brann-supporterne må nøye seg med å drikke øl på Fotballpuben, og overlate til dem som har greie på juss og økonomi å styre Sportsklubben», fortel han til NRK. «Jeg hadde også trukket meg hvis jeg sto overfor en forsamling som sto og hylte og skrek, slik som på dette Brann-årsmøtet. Denne generalforsamlingen har opptrådt fullstendig ansvarsløst (...) Skifter du ut en jurist med en supporter, får styret en helt annen sammensetning», seier Aarebrot og spør om dei verdiane som ligg i Branns historie skal forvaltast av «gjengen på Fotballpuben?»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement