Mellom Putin og Kasparov

Då VM-sigeren var sikra, måtte Magnus Carlsen ned i spagaten mellom Putin og Kasparov. «Carlsen er eit geni», sa Putin. «Ingen kommentar», sa Carlsen og smilte.

Publisert Sist oppdatert

Heime i Noreg har Carlsen ført sjakken til folket. Annankvar nordmann (2,7 millionar) var innom sjakksendingane på NRK, ein auke på 16 prosent frå Chennai i fjor. Denne interessa i alle lag av folket for eit spel som ikkje er av dei enklaste, kan berre samanliknast med sjakkgalne Island under VM-kampen mellom Fischer og Spasskij på Reykjavík i 1972. Kan henda er det noko med det nordiske lynnet og sjakken, likevel.

Leik

Eller er det personen Magnus Carlsen som – meir enn spelet – fangar interessa? Vi er fascinerte av kombinasjonen av det norske og det unorske ved Carlsen. Han er unorsk god i sjakk, om dét finst ikkje tvil. Men han har òg noko barnleg over seg, som ein Petter Northug, når han små­arrogant i krøllete moteklede ligg over sjakkbordet i si eiga verd medan motstandaren Anand freistar konsentrera seg. «Eg er berre eit barn», smiler Carlsen om nokon skulle kritisera sitjestillinga hans. Sjakken er framleis ein leik for Carlsen som mellom partia slappar av med ballspel og Donald Duck. Samstundes er eventyret om den norske Sjakk-Askeladden òg knytt til verdiar frå den norske kjernefamilien, rett nok her representert ved den aller øvste mellomklassa.

Avsløringa

Den eventyrlege sjakkreisa til Carlsen inspirerer den tidlegare verdsmeisteren, den kompromisslause Putin-kritikaren Garri Kasparov som gjerne vil hjelpa nordmannen til herredøme i sjakkverda. Den same dagen som Carlsen møtte Putin i Sotsji, sleppte den norske verdsmeisteren bomba: Kasparov var ein del av analyselaboratoriet til nordmannen før og under VM-kampen. «Det finst noko Kasparov skjønar betre enn eg», sa Carlsen og takka for hjelpa. Men Kasparov er intens og emosjonell så kommunikasjonen mellom dei to gigantane i sjakkverda måtte skje gjennom eit filter: den danske sjefstrenaren Peter Heine Nielsen. Alt i 2010 gav Carlsen klår melding om at han ikkje orka arbeida direkte med den beste spelaren i sjakkhistoria. Den norske Sjakk-Askeladden er altfor makeleg til slikt.

Indisk klasse

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement