Medlem eller ikkje?
Dersom ein melder seg ut or Den norske kyrkja, får andre trussamfunn meir pengestøtte. Ateistar bør likevel melda seg ut, meiner Even Gran i Human-Etisk Forbund.
Denne veka vart det mogeleg å finna ut om ein var medlem av Den norske kyrkja eller ikkje og eventuelt melda seg ut gjennom ei enkel netteneste der ein loggar seg på via BankID.
Debatten fylgde med ein gong: Kva skjer dersom mange melder seg ut? Jau, alle andre trussamfunn får meir offentleg pengestøtte, jamvel om ein ikkje melder seg inn i eit nytt trussamfunn av di staten ikkje skal diskriminera. Alle trussamfunn skal få like mykje støtte per medlem, og når det vert færre kyrkjemedlemer å dela kyrkjeløyvinga på, aukar pengesummen dei andre har krav på per hovud.
Statsstøtta til kyrkja vert tildelt uavhengig av medlemstalet. Difor har den samla støtta til trussamfunn i Noreg auka med 45 prosent per medlem sidan 2007, medan talet på medlemer av Den norske kyrkja har gått ned med 140.000 menneske i same tidsrom. Trussamfunna utanfor kyrkja fekk samstundes fleire medlemer.
Difor bør ein ikkje melda seg ut trass i at ein er ateist, meiner mange – det er betre at kyrkja får pengane enn at andre trussamfunn får endå meir pengar. Det er Even Gran, seniorrådgjevar i Human-Etisk Forbund, usamd i.
–?Kvifor meiner du folk bør melda seg ut uansett dersom dei ikkje trur?
–?Det kjem an på kva du ynskjer å oppnå. Premissen her er at dersom du melder deg ut, får andre trussamfunn meir. Reint teknisk sett er det rett med ordninga ein har i dag. Men reelt politisk sett er det feil: At denne ordninga er hoggen i stein, er ein urealistisk premiss.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.