Media som aktor og dommar

I saka om sjikanemeldinga som vart sendt til Liv Signe Navarsete, tek pressa over rolla som rettsvesen, men skit i grunnprinsippa.

Publisert Sist oppdatert

Nett då det såg ut som om Senterpartiet trass alt kunne stå att som eit av dei vaksne partia i landet, vart dei råka av slikt griseprat som tek tankane attende til barndomen. Den vulgære meldinga som no står så sentralt i Senterpartiet, vekkjer for meg minne om ei hending på Strand folkeskule på Modum, der eg gjekk då eg var tolv år gamal.

Den eine sida av skulebygningen kvilte på nokre låge mursøyler med ein smal passasje mellom søylene og kjellarmuren. Her inne kom det sjeldan vaksne, for ein måtte huke seg ned for å komme inn, og passasjen vart nytta som alternativt medium. Her stod mykje av det alle visste om det seksuelle livet, men som det ikkje var pent å seie. Éin gong bringa veggavisa eit nyhende som braut inn i ei større ålmente: «Læraren har pult», hadde nokon skrive med krit på muren. Dette var noko alle visste, eg òg, for «læraren», det var far min, den einaste mannlege læraren og skulestyrar på den todelte skulen. I passasjen var saka sterkt utbrodert og illustrert, ho vart stadig oppdatert og fekk mange lesarar. Éin dag kom far inn i klasserommet til fyste skuletime med ei bøtte vatn og ein svamp. «Det er komme griseprat på muren nede», sa han i udramatisk toneleie. «Kan dei to som er ordensmenn, berre gå ned og vaska det av?» Ordensmennene tok bøtta og svampen og gjekk ned til arbeidet, medan far tok opp att undervisinga som om ikkje noko var hendt. Grisepraten retta mot skulestyraren kom ikkje attende.

Den store doveggen

Slik kan ein tone ned ei slik sak. I Senterpartiets grisepratsak skjedde det motsette. Saka vart blåst opp. Etter tal frå FN-sambandet er over 250.000 kvinner vortne valdtekne under krigen i Kongo, og av dei er mange fysisk øydelagde for livet. Og her heime driv ein på med svære prosessar om ei Messenger-melding som har henta inspirasjonen sin frå gamle doveggar og hemmelege passasjar. Sansen for proporsjonar synest å vere forsvunnen frå ålmenta. Det er sanneleg lenge sidan verdskrigen.

Det alvorlege i saka ligg nett her: At eit einskilt døme på fornærmande grise–?og fylleprat har vorte ei kjempesak som har dominert den norske ålmenta i vekevis. Når den ubehagelege grisepraten, som burde ha vore takla internt, vert overdimensjonert til eit svært brotsverk, som om nokon er vorten gjengvaldteken eller drepen, vert den ukjende gjerningsmannen til ein brutal valdsmann.

Og fordi ein ikkje veit kven han er, berre at han må vere éin av dei ti på hytta, vert alle ti råka. Familiane deira vert råka. Og det er pressa som står for straffa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement