Må søkja samarbeid med Russland

Publisert Sist oppdatert

Moskva førre veke: To unge menn demonstrerte roleg, med ein plakat med bodskapen «Love Wins», til støtte for offera etter massakren i Orlando. Men slikt gjer ein ikkje ustraffa i Russland der det er ulovleg å «promotera» homoseksualitet. Begge vart arresterte.

Dette er berre eit nytt lite døme på at Russland er eit autoritært land – det heile støtta opp av media som vert meir og meir einsretta. Den dominerande fjernsyns-kanalen Kanal 1 er i praksis ein rein profileringskanal for president Putin.

Vi har å gjera med ein autoritær stat med stormakts-ambisjonar. Det er skummelt for økonomien, og demografien i landet fortel oss at dette er ei gammal stormakt på veg ned, men med sterke lengslar til tidlegare stordom.

Kva politikk skal så Vesten føra overfor Russland? Er det noko Vesten kan bidra med for å få til ei positiv utvikling i landet? I den samanhengen må Nato sjå på sin eigen politikk. Nato-utvidinga austover, der til og med Ukraina og Georgia har vore nemnde som potensielle nye medlemer, har bidrege til å tilspissa situasjonen og ført til hardare frontar mellom Russland og Vesten.

Vesten bør no streva etter samarbeid med Russland. Boikottlina etter Krim-annekteringa bør avsluttast. Internasjonal boikott fungerte mot apartheidregimet i Sør-Afrika, men fungerer ikkje mot Russland i dag. Eit betre tilhøve til Russland kan òg kanskje løysa den øydeleggjande krigssituasjonen i Aust-Ukraina.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement