Eit klart fleirtal av kommunane har til no røysta nei til kommunesamanslåing. Regjeringa har såleis undervurdert den store oppslutnaden innbyggjarane i småkommunane har til kommunen sin. Denne undervurderinga er merkeleg.
For oppslutnaden til småkommunen er ganske enkel å skjøna: Innbyggjarane er med rette uroa for at ei samanslåing vil styrkja sentraliseringa og gjera deira eigen gamle kommune mindre attraktiv og levedyktig. Difor røystar den store kommunen for samanslåing med dei små, men dei små kommunane røystar mot samanslåing med den store.
Og småkommunane klarar seg godt åleine. Dei slit rett nok med kollektivtrafikken. Men slik er det å bu på bygda, og det blir ikkje fleire bussar til Fresvik i Sogn om Voss overtek drifta av Vik kommune. Og dei har eit dårlegare brannvern. Det er ikkje bra, med det må ein kunne ordna utan ei stor kommunereform. Likeins bibliotektilbodet.
Men på dei fleste andre område går det særs bra i dei små kommunane. Innbyggjarane der er langt meir nøgde med heimesjukepleia, sjukeheimane, omsorgsbustadane og barnehagane enn i store kommunar.
I ei interessant bok som drøftar kommunereformer – Folkestyre eller elitestyre? – er konklusjonen tydeleg. Etter å ha gått gjennom det som er av store undersøkingar om kva innbyggjarane synest om kommunen sin, syner det seg at «innbyggerne er mest tilfredse med de viktigste kommunale tenestene i de minste kommunene, og synker med økende kommunestørrelse».
Mange av desse undersøkingane var godt kjende før regjeringa sette i gang reformprosessane. Kvifor då denne reformiveren?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.