Litteraturen me fortener

Publisert Sist oppdatert

Endå ein gong har me fått ein debatt i Noreg om kvar grensa går mellom røyndom og fiksjon. Denne gongen var det den seinaste romanen til Vigdis Hjorth,

Arv og miljø, som vekte til livs ein debatt som har gått føre seg mange gonger før her i landet.

Kva er det greitt å skriva i ein roman? Held det å byta namn på personane, skildra hendingar som har gått føre seg i røyndomen, og kalla det kunst? Har ein rett til å nytta nære venskapar eller familieband som romanstoff? «Du skal skrive ditt liv», sa Kristianiabohemen. Sidan den gong har ordskiftet vakna med jamne mellomrom om det potensielt umoralske i å utlevera folk kring seg i romanform.

Kvar grensa går, er vanskeleg å seia. Kva rettsvern har ein dersom nokon tek di private livssoge og gjer henne til litteratur? Kva med avlidne familiemedlemer som ikkje kan ta til motmæle – har dei krav på noko vern?

I Klassekampen denne veka meinte Nikolaj Frobenius at Aftenposten gjer vondt verre når dei grev i privatlivet til Hjorth for å visa at romanen hennar må lesast sjølvbiografisk. Det er eit godt poeng.

Samstundes har litteraturen alltid nytta røyndomen som materiale for romankunsten. Det finst ikkje nokon universell regel om kvar grensa går mellom kva som er moralsk og umoralsk å skildra i romanform.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement