Leikar over styr

Publisert Sist oppdatert

Stortinget skal i 2014 avgjera om Oslo kan søkja om vinter-OL i 2022. Rapporten som skulle kvalitetssikra søknaden frå Oslo kommune, Noregs idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité, kom like før jul. Rapporten går i hovudsak god for sjølve kvaliteten ved søknaden, men peika òg på mange usikre moment.

Men uansett – netto offentleg tilskot til Oslo-leikane er venta å koma på over 20 milliardar kroner. Det er svært mykje pengar – særleg når mesteparten av peng-ane vil gå til sjølve gjennomføringa av arrangementet.

Dessutan bør ein ta høgd for langt høgare utgifter enn det Oslo kommune, idrettsforbundet og den nye rapporten legg til grunn. Ein studie frå Oxford-universitetet syner store budsjettoverskridingar i OL-leikane som er arrangerte sidan 1960. Og jamvel om over-skriding-ane har gått ned, har likevel dei seinaste åtte–ti leikane som er arrangerte, hatt overskridingar på 50 prosent i snitt.

Oslo kommune hadde i haust folkerøysting om OL. Det vart eit knapt fleirtal for å søkja – etter at stort sett berre ja-sida hadde drive kampanje om saka – med ei rad kjende idrettsfolk som tala om kva eit OL kan gje av inspirasjon og fest.

At fleirtalet av Oslo-innbyggjarane ikkje skjønar sitt eige beste, er jo leitt, men dette er ikkje berre ei sak for Oslo åleine å avgjera. Mesteparten av utgiftene må staten ta, Oslo skal berre stå for ein liten del av kostnadene til anlegg og transport. Likevel vert det store nok kostnader for ein by med nok av andre oppgåver å ta tak i. Berre politikostnadene for Oslo under eit eventuelt OL vil koma på 1,6 milliardar kroner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement