Lærarkampen for sjølvrespekt
Læraren kan berre tilby god undervising om han har så mykje fagleg fridom og personleg sjølvstende som råd er. Difor er kampen mot KS denne våren så viktig.
«Jeg vil bestemme over lærernes arbeidstid!» skreiv skulesjefen i Eidsvoll kommune, Marlen Faannessen, i ein kommentar til forhandlingsbrotet mellom kommunane og lærarane. Ho skreiv vidare: «Som skolesjef ønsker jeg å ha retten til å bestemme hvor lenge og hvordan mine ansatte jobber.»
Ho ser på kommunen som «skoleeier» og «arbeidsgiver», lærarane er «tilsette». Dimed set ho Kommunenes Sentralforbunds (KS) standpunkt i konflikten med lærarane på spissen. Då vert det òg lettare å sjå kva lærarane reagerer på. Kor lang sommarferien skal vera, er underordna i denne i saka.
Byråkratspråket
Alt i byråkratspråket om skulen ser ein kva som er gale. Innføringa av omgrepet «skuleeigar» som nemning for kommune, fylke og stat er i seg sjølv eit språkleg overgrep. Her har ein på det språklege planet stole skulen frå elevane, lærarane og foreldra, dei tre gruppene som er dei verkelege eigarane.
Ved å gjera lærarane til berre «tilsette» har ein teke frå dei sjølvstendet og sjølvrespekten. Ved å kalla seg sjølv «arbeidsgjevar» lyg byråkratiet vekk den sanninga at det er dei sjølve som er dei verkeleg «tilsette».
Dette byråkratspråket gjev inntrykk av at skule, og særleg god skule, er noko som politikarane får til, berre dei tilsette, altså lærarane, ikkje lagar problem. Når «arbeidsgjevar» ikkje har styring på ein tredjepart av arbeidstida til lærarane, det vil seia den tida dei nyttar til retting av prøver og særleg førebuing av undervisninga, kan «skuleeigar» liksom ikkje få den pedagogiske automatikken i gang. Den gode arbeidsflyten vert stansa av at lærarane førebur seg på eiga vis i ein tredjepart av tida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.