Lærarar må kunna seia ifrå

Publisert Sist oppdatert

Utspelet til Simon Malkenes i NRKs Dagsnytt 18, der han fortalde om bråket i klassen og argumenterte mot ordninga med fritt skuleval i den vidaregåande skulen i Oslo, har skapt ein viktig debatt om ytringsfridomen til lærarane.

Denne veka fekk han Varslings–?og ytringsfrihetsprisen Stockmanns Hammer 2018. Juryen gav han prisen for å «peke på og ivareta hans rett som arbeidstaker til å fremme systemkritikk og uttale seg kritisk til egen arbeidssituasjon, uten å oppleve sanksjoner fra arbeidsgiver (…) Det er lærernes ytringsfrihet som juryen har lagt vekt på i tildeling av prisen».

Det skulle ha vore unødvendig å seia, og som Malkenes sjølv legg vekt på, har læraren eit særskilt samfunnsoppdrag. Dei må difor oppmodast om å delta i det offentlege ordskiftet, og dei må kunna få seia ifrå om kva dei meiner om den norske skulen.

Men rektor ved skulen til Malkenes har no reagert med å gje han ei irettesetjing for å ha krenkt elevar ved skulen. Det er ein overreaksjon, sjølv om forma til Malkenes i Dagsnytt 18 ikkje er uproblematisk. Elevar skal kjenna seg trygge på at dei ikkje vert hengde ut i media som døme på negative sider ved norsk skule. Men Malkenes hadde anonymisert elevane nok til at innlegget hans må kunna passera.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement