Kvifor irriterer me oss over skrivefeil?
Skrivefeil er som linselus. Dei stikk seg fram, dreg merksemd til seg og øydelegg det eigenlege motivet: teksta og tankeinnhaldet i henne. Det er forbaska irriterande. Men kven er det som irriterer seg over skrivefeil? Gjer me det alle saman?
Det finst folk som ikkje irriterer seg over skrivefeil, eller som greier å ignorera feila og samla seg om dei andre sidene ved ei tekst. Slike folk passar godt som redaktørar. Dei kan få inn eit manus med mange skrivefeil og likevel tenkja: «Dette er ei god tekst! Dette er ein god forfattar!» Skrivefeila er ikkje noko problem: Dei blir retta opp i språkvasken og korrekturen – med mindre feila er tilsikta og nytta som litterært verkemiddel.
Det heiter ikkje det
Me andre vert frustrerte eller får vondt inni oss når me ser ord som er stava feil, uttrykk som er nytta på galen måte og so bortetter. Sjå berre på internett. Der finst det diskusjonsforum, og alle diskusjonsforum med respekt for seg sjølv har ein eller fleire trådar som handlar om språk. Den lengste språktråden dreiar seg nesten alltid om irriterande skrivefeil. På Kvinneguiden finn me diskusjonstrådar som «DET HETER IKKE DET!», «Er rettskriving virkelig så vanskelig?» og «Hvilke skrivefeil hater du mest?». På diskusjon.no finn me tråden «Klagemuren – ergrelse over grammatiske skrivefeil».
Kronikkar og avisinnlegg om skrivefeil plar òg få stor merksemd. I 2014 skreiv Sanna Sarromaa ein kronikk i VG der ho hevda at det står dårleg til med rettskrivingskunnskapane her i landet. Kronikken vart delt over 16.000 gonger i sosiale medium, og i kommentarfeltet er det over 300 innlegg. Eit av dei går slik: «[Jeg møter] på dårlig språk hele tiden. […] Jeg tar alltid utgangspunkt i at dette er mindre intelligente mennesker jeg kan ta med en klype salt uansett hva de snakker/skriver om.»
Kva er det som går føre seg her? Jau, me er vitne til ein finurleg prosess der ein del av eit menneske får representera heile mennesket. Evna til å skriva rett får stå som representant for alle evnene til personen. Dersom folk ikkje greier å skriva skikkeleg, er det lett å tenkja at dei ikkje greier so mykje anna heller. Sameleis er det lett å tenkja at folk som slurvar med rettskrivinga, slurvar med andre ting òg – særleg dersom me ikkje kjenner dei personleg og berre har skrifta deira å halda oss til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.