Kvardagsintegrert statsminister
SIDEBLIKK: Kongen lit på Ønsketreet og held seg til røtene og godviljens magiske realisme.
Det tar seg opp att kvart nyttår: Tafatte republikanarar må medgje at den arvelege kongen er betre enn den folkevalde statsministeren. Me finn oss godt til rette i eit inkluderande monarki – «hvori opptatt» aleinemødrer frå Vågsbygd og aromatiske svigersøner frå Helvete. Kongen er som ein bamsefar i lia som bed inn til fleirreligiøst gjestebod på Slottet når han fyller 80 år omtrent på denne tida.
Hoffet plar ikkje imponera med folkeleg innsikt, så det er eit mysterium kva slags øyrekviskrarar som skriv Kongens tale. Og det er alltid eit spenningsmoment kva for ein diktar frå Ønskekonserten han siterer visdomsord av. I år tona Sigrid Undset like under yta: «Menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.» Men det var Ønsketreet i Slottsparken som stod for «håb» og magisk realisme.
Vertinna sette seg godt til rette med kaffi og kaker for å sjå Kongen tala. Ho kan ikkje noko med kongefjesket, men meiner at Harald er ein likandes kar og ein dugande konge for folk flest. Dessutan er han eit godt føredøme for alle med kunstig blære. Hadde berre ikkje Dronninga drege han med på kunstutstillingar som han ikkje har taket på. Vertinna set pris på at kongeparet reiser Noreg rundt til allmenningar og avkrokar. Men ho lurer på korfor dei bur på Kongeskipet i staden for å ta inn på lokale hotell og pensjonat.
Byråsjefen stod som vanleg med ein syltynn pjolter i handa og uro i kroppen og høyrde statsministerens nyttårstale. Han er alltid redd for nye månelandingar og kostbare reformer som ikkje har vore til barbering i eit ansvarleg embetsverk. I år pusta han letta ut, for det kom ingen dyre løfte – berre dyre, fagre og vage ord om optimisme, friviljug innsats og personlege initiativ. Og så sette Byråsjefen stor pris på at Kina blei nemnd med namn. Det skriv nok ambassaden heim om, slik at det endeleg kan bli slutt på dette fredspristullet etter dissentaren Jagland.
Språkrådets nyord i fjor var «hverdagsintegrering». Det er typisk norsk å vera god, så Øyrekviskraren hadde sikkert lyst til å gjenta suksessen, men årets statsministertale var utan minneverdige stopp-punkt. Det er ikkje særleg schwung over «Vi er på rett kurs, selv om mye gjenstår».
Vertinna er naturleg skeptisk, men ho tykte Erna stod som ein bauta, og at ho er raus og romsleg og ganske nedpå – i alle fall til bergensar å vera. Særleg nøgd var ho med dette løftet: «Nå arbeider regjeringen for at alle eldre skal få middag senere på dagen».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.