Kvaliteten må bergast, ikkje definerast

Mediemangfaldsutvalet går utanom halve problemet: det som handlar om kvalitet.

Publisert Sist oppdatert

KOMMENTAR

Mediemangfaldsutvalet blei oppnemnt i september 2015. Sven Egil Omdal kalla det straks «Støtteforeningen for syke mødre» og hevda at det «ligner deprimerende mye på et arveoppgjør. Det eneste som er godt representert, er misunnelsen».

Utvalet var stort sett samansett av leiarar frå bransjen ein skulle greie ut støtteordningar for. Dét bukk-til-havresekk-prinsippet kan knapt overførast til andre bransjar og felt. Nokre vil meine at ein her finn forklaringa på at utvalet ikkje kjem med framlegg om innsparingar, men tvert om går inn for å plusse på omkring 800 millionar skattekroner. Samansetjinga har nok også sitt å seie for korleis utvalet diskuterer nøkkelomgrep som «samfunnsnyttig» og «kvalitet».

Demokratiet

Men om ein aksepterer den skildringa av stoda på feltet som låg i mandatet utvalet har arbeidd ut frå, og som utvalet sjølv har utpensla i til dels stor detaljrikdom, er ikkje talet på innsparte eller ekstra kroner eigentleg så viktig. Spørsmåla utvalet skulle svare på, kan i kortform gjerne formulerast slik: Korleis kan vi redde demokratiet slik vi kjenner det, og kva vil det koste?

Alt prinsipielt kultur–?og mediepolitisk arbeid i Noreg har nemleg sidan tusenårsskiftet hatt grunnlag i utgreiinga av ytrings–?og informasjonsfridomen som Francis Sejersted og utvalet hans laga. Det enda i 1999 med ei vellukka nyformulering av paragraf 100 i Grunnloven, endeleg vedteken i 2004. Her blei eigentleg eitt av fleire mogelege syn på demokratiet spikra fast: eit normativt syn som seier at det offentlege ordskiftet i ei «open» og «opplyst» ålmente er ein avgjerande viktig del av det. Og staten blir gitt ansvaret for at dette idealet er realisert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement