Kva gjer vi etter gravtalane?
Ein død journalist er ein dårleg journalist. Det er ein leveregel som alle pressefolk bør ha i bakhovudet i krisesituasjonar.
Risikovurdering er eit vanskeleg fag, og lettare vert det ikkje av massakren på redaksjonsmøtet i det satiriske vekebladet Charlie Hebdo onsdag 7. januar. Dersom avisredaksjonar skal sitja bak festningsmurar i von om å overleva, må det gå ut over samfunnskontakten. Dermed minskar evna til å samla materiale og inntrykk frå det samfunnet ein låser seg inne frå.
Vi skal sjå oss om korleis her ser ut, skreiv Aasmund Olavsson Vinje i programartikkelen sin i Dølen.
Men skal ein verna seg døgret rundt mot folk som meiner at det enklaste er to kalasjnikov og ein fluktbil, må det gå ut over utsynet, og dermed journalistikken. Det er lett å halda festtalar om ytringsfridomen, også etter 200-årsjubileet. Vi kan ta det på kvardagsnivå, for det er svart kvardag no:
Avsløringa av vassverkskorrupsjonen på Romerike byrja svært prosaisk. Ein dag i 2005 kom ein mann innom redaksjonen i Aftenposten for å fortelja ei historie som hadde noko med pengar å gjera. Siri Gedde Dahl hadde arbeidd med slikt. Ho vart interessert – og rulla opp saka, full pakke med farm i Afrika og gode greier.
Ein slik mann ville kanskje vera i stand til å koma seg inn i ein avisredaksjon neste veke og. Men truleg må han svara på mange spørsmål først. Dørstokken er høgare i festningar.
Sjølvsagt og viktig
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.