Krisa som er større enn flyktningkrisa
Flyktningkrisa kan vi makta med middel vi rår over frå før. Den andre, mykje meir alvorlege migrasjonskrisa krev ei anna tilnærming.
Berre i oktober kom det over 200.000 flyktningar og migrantar til Europa. EU reknar med at det i åra 2015–17 vil kome tre millionar. Både Tyskland og Sverige har alt no overanstrengde mottaksapparat, og det er ingen grunn til å tru at migrantstraumen vil stansa av seg sjølv.
Til The Daily Mail 30. oktober sa den svenske utanriksministeren Margot Wallström at «Sverige kan ikkje handtera tilstrøyminga av flyktningar», og at landet «står overfor kollaps om 190.000 asylsøkjarar kjem årleg». Alt ei veke seinare, i Expressen 6. november, vedgjekk den svenske migrasjonsministeren Morgan Johansson at styresmaktene ikkje kan gje nye flyktningar tak over hovudet, og rådde dei til å dra attende til Tyskland.
Til Noreg, siste stasjon på migrasjonsruta, kom det sist veke 2452 asylsøkjarar, på årsbasis svarar det til over 128.000.Om ein ser vekk frå dei afghanske asylsøkjarane som regjeringa seier ho vil returnere, vil det likevel kome over 75.000 på årsbasis om dagens tal elles held seg.
Migrasjonskrisa
Av dei som kom til Noreg i førre veke, var berre ein fjerdedel syrarar. Det tyder at heller ikkje ei fredsslutning i Syria ville grunnleggjande endra ein migrantsituasjon som er knytt til historiske og kulturelle, sosiale og politiske omstende som spenner mykje vidare enn Syria. Migrantane kjem frå heile området frå Pakistan og Afghanistan til Gambia og Somalia. Andre land som Jemen eller Sør-Sudan kan verta dei neste avreiselanda.
Det er den store ubalansen mellom eit rikt og trygt, aldrande og demografisk krympande, etterkristent og liberalt Europa og dei fattige og krigsherja, unge og demografisk veksande, religiøse og tradisjonsbundne landa i sør og aust som har fått millionar av menneske til å tru at utvandring til Europa er den einaste sjansen dei har til å få eit godt liv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.