Konspirasjonsteori i beste sendetid

Folkeopplysing blir til folkevilleiing når NRK atter ein gong fell for teoriane til Petter Amundsen.

Publisert Sist oppdatert

NRK2 Noregs kulturkanal, skal ha ære for at dei freistar å vekkje interesse for William Shakespeare. Men måten dei gjer det på, er totalt forfeila. Tysdag sist veke sende rikskringkastinga dokumentarfilmen Shakespeares skjulte sannhet i beste sendetid. Mange kjenner innhaldet i filmen att frå den påkosta dokumentarserien Shakespeares skjulte koder, som har vorte vist fleire gonger på same kanal sidan 2009.

Hovudpersonen er organisten og frimuraren Petter Amundsen, ein mann som leikar kryptograf – kodeknekkjar – på fritida. Organisten meiner å ha løyst Shakespeare-gåta: Shakespeare skreiv ikkje skodespela sine sjølv, men det gjorde Sir Francis Bacon på oppdrag frå den mystiske brorskapen Rosenkreuzarane. Amundsen hevdar vidare at den fyrste utgåva av Shakespeares samla verk inneheld løyndomsfulle kodar og talkombinasjonar, som viser staden der manusa til Shakespeares drama – saman med anna snadder frå den vestlege sivilisasjonen, som forsvunne jødiske tempelskattar – ligg nedgravne: nemleg på botnen av ein innsjø på ei øy ein stad på Canadas austkyst.

Dokumentaren vart lansert som kinofilm i fjor, men det er fyrst no ved at det norske statlege kringkastingsselskapet sender filmen på eteren, at han når ut til det store publikummet.

Og det gjer kanalen med drust og dramb: NRKs internettsider er fulle av illustrasjonar, kommentarar og intervju knytte til arbeidet til Amundsen. Den kvasi-vitskaplege framstellinga er med på å legitimere Amundsen som seriøs forskar. «Ikkje sannsynleg, men underhaldande» Sjølvsagt er dette vås frå ende til annan. Kodeknekkjeriet til Amundsen baserer seg på klassisk konspirasjonsteori. Han blir ikkje teken alvorleg i forskingsmiljøa kring Shakespeare, ikkje eingong hos dei såkalla «Anti-Stratfordianarane» som tvilar på at Shakespeares verk er skrivne av ein mann med smålåten sosial bakgrunn frå den anonyme landsbyen Stratford-upon-Avon. «Ikkje sannsynleg, men til tider svært underhaldande», lyder domen til kritikarane av «Shakespeares skjulte sannhet». Difor har då filmprodusent Kjell Eriksen og regissør Jørgen Friberg – som sjølve seier dei fullt og heilt trur på teoriane til organisten – også teke med eit kritisk element i filmen. Dei har utstyrt Amundsen med ein skeptisk samtalepartnar: den heller perifere Shakespeare-eksperten og skodespelaren Robert Crumpton, som Amundsen freistar å overtyde i løpet av filmen. Ingen respekterte Shakespeare-forskarar var viljuge til å møte Amundsen. Men den engelske litteraturforskaren lét seg ikkje omvende til å tru på Amundsens bisarre påfunn.

Det skulle heller ikkje konsulentane til NRK har gjort, korkje då dei kjøpte inn dokumentaren som har fått støtte på ein halv million frå Norsk filmfond, eller då dei sende TV-serien Shakespeares skjulte koder for nokre år sidan.

Ein ny Dan Brown?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement