Kamp med kunstig klang

Verdigrunnlaget for 1. mai-parolane er svekt. No må slaget stå der det trengst: ved våre eigne haldningar.

Publisert Sist oppdatert

Sidan midt på 70-talet har eg gått i 1. mai-tog. Kvar gong har eg undra meg over denne dagen som med sine paradar og parolar snakkar om solidaritet og kamp for rettferd. Kvart år har eg famla etter å sjå samanheng mellom røyndom og slagord, og eg har spurt meg sjølv: Kvar er det slaget står?

Tomme parolar

I år er hovudparolen «Samarbeid for arbeid». Det høyrest ut som ei skisse til tverrfagleg samarbeid mellom kommunale etatar. Slik må det vel bli når dei store slaga er vunne, som til dømes «Heile folket i arbeid» som var 1. mai-parolen i 1933. No importerer me arbeidskraft på spreng og har ei arbeidsløyse på 3 prosent, som er lågast i Europa. Dette inkluderer òg navarar.

Elles i parolelistene i år finn me dei tradisjonelle kampsakene, som ja til likeløn og nei til velferdskutt. Greitt nok. Men sjølve omgrepet «kampsak» kling påteke og kunstig. Me har det for godt til at dette vert truverdig.

Spør me unge i dag om kva 1. mai handlar om, står svaret ope. Sist gong eg høyrde «Internasjonalen», var i form av ein kunstinstallasjon på haustutstillinga ein gong på 90-talet. Det er lenge sidan bestefar min sat som formann (mens det enno heitte formann) i fagforeininga Land og Skog og drøfta arbeidarrett heime i stova medan mor mi sat og smuglytta til kva karane rødde om. Det er lenge sidan borna song: «Kom, brødre, la oss alle stå hånd i hånd fra pol til pol. / Høyt skal vårt feltrop gjalle; Gi alle brød, gi alle sol!» No ofrar ein heller nokre avspaseringsdagar og tek ein hopp-på-tur til Madeira om det er varmt vêr og billeg vin ein saknar.

Realitetsorientering

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement