Ja til høge rushtidsavgifter
Å få ned biltrafikken inn til dei store byane må vera ei høgt prioritert oppgåve. Det har dei skjøna meir av i Sandnes og i Kristiansand enn i Oslo.
I Sandnes vedtok dei i fjor – sjølvsagt mot røystene til Framstegspartiet og Pensjonistpartiet, men altså med støtte frå Høgre – eit mål om nullvekst i biltrafikken i heile Stavanger-regionen. Eitt av verkemidla er rushtidsavgift.
Men i Oslo Høgre tenkjer dei annleis. Der vert rushtidsavgift sett på som «unødvendig, skatteskjerpende og gjør hverdagen vanskeligere for innbyggerne». Sist laurdag sa Oslo Høgre nei til rushtidsavgift og vil heller nytta såkalla positive verkemiddel, som styrking av kollektivtilbodet og utbygging av fleire vegar.
Det høyrest flott ut, men det monar ikkje. Skal vi få ned biltrafikken, må kostnaden av bilbruken opp. Utan vil berre utviklinga halda fram som før, og all nyutbygging vil raskt verta henta inn av ny trafikkvekst.
Då er rushtidsavgift ein enkel måte å regulera dette på i periodar då vegnettet er overbelasta. Ved høge avgifter i rushtida vil fleire nytta kollektivtransport, sykla, reisa på andre tider eller lata vera å reisa i det heile. Alle som har sett bilkøane snigla seg inn mot byane, med stort sett berre éin i kvar bil, skjønar at dette ikkje kan halda fram.
Og det er mogeleg å få til. I januar 2010, då lufta var særs ureina i Bergen sentrum, innførde byen partals–?og oddetalskøyring. Det vil seia at om registreringsnummeret på bilen din slutta med eit oddetal, kunne du berre køyra på datoar med oddetal. Bak tiltaket stod høgremedlem, då byrådsleiar Monica Mæland, no medlem i Solberg-regjeringa. Resultatet var at trafikken gjekk ned med 30 prosent.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.