Innovative pilegrimsvandrarar

Konkurrerande forteljingar om Olav Haraldsson er meir enn eit spel for den forkledde statskyrkja.

Publisert Sist oppdatert

På armlengds avstand skal kulturminister Linda Cathrine Hoftstad Helleland (LCHH) føra tilsyn med den norske folkekyrkja. Til jul sende ho ut eit trøystande brev om skilsmålet mellom stat og kyrkje: Folk flest skal ikkje merka noko. Der er ho eit ekko av bispekollegiets preses, Helga Haugland Byfuglien: «Den norske kirke forblir en stats–?og kommunebudsjettkirke.»

Ved olsoktider la LCHH ut på berrhovda pilegrimsvandring under mottoet: «Pilegrimsvandring handler om å bryte opp og legge ut på vandring mot et større mål.» Undervegs rasta ho hos Ola Borten Moe for å sjå barne-TV og samtala om det norske over kaffi og vaffel med brunost. Ho fekk kanskje dusj og badstove også, for Borten Moe er god på det.

Kommunal–?og moderniseringsminister Sanner var med på slep, men han juksa litt og tok buss; han tykte vel det blei for mange små og lite robuste kommunar å vandra gjennom.

Innovasjon Norge var rimelegvis med på den heilage ferda som passande reisefølgje. LCHH sa lite om ettertanke og fromheit, men uttalte seg viljug vekk til Aftenposten om kulturisme og «potensialet pilegrimsledene gir, både til turister, næringslivet, frivillige og kulturlivet». Moderniseringsminister Sanner slo eit slag for «verdiskapning i utmark» med nye arbeidsplassar innan servering og overnatting.

Før LCHH blei norsk kulturminister, var ho leiar av transport–?og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, så ho kan vegpolitikk. I fjor blei det brukt to millionar til merking av pilegrimsleia, som også går innom Klæbu, heimbygda til kulturministeren. Langs hovudvegane mellom Oslo og Stiklestad står det eit par dusin vegskilt med P, som viser til parkeringsplass for pilegrimar. Slik går det når Statens vegvesen blir pålagt ei oppgåve, som med nasjonale turistvegar. Då gjer dei det så skikkeleg og grundig at dei i neste runde får reduserte løyvingar.

Vertinna kan ikkje noko med desse pilegrimsgreiene og helgendyrkinga, men ho ser med blide augo på alt som kan føra med seg fleire turistar som legg att pengar: Tyskarar som vandar til fots, er betre enn dei som kjem i bubil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement