– Ingen veg attende

– Same kor vi snur og vender på det, må avisene vera økonomisk berekraftige, seier styreleiar i Schibsted Ole Jacob Sunde.

Publisert Sist oppdatert

Schibsted er ein av Noregs største internasjonale suksessar nokon gong. Gjennom å laga finn.no og ekspandera finn-modellen internasjonalt har verksemda vorte verd 60 milliardar kroner, eller endå meir skal vi tru Goldman Sachs, som seier at rubrikk-annonsane på internett åleine er verde 99 milliardar. Dette har Schibsted fått til gjennom å krevja god avkasting frå avisene som dimed har vore med på å finansiera rubrikksatstinga. No er knapt avisene verde noko som helst på børsen; Goldman Sachs seier at dei norske avisene til Schibsted berre er verde 1,7 milliardar.

Men når rubrikk går så godt, er det då ikkje på tide at rubrikk byrjar å subsidiera avisene som i si tid miste rubrikk nettopp til finn.no? Den som kan svara på det, er styreleiar i Schibsted og styreleiar i Tinius-stiftinga som kontroller ein fjerdedel av Schibsted, Ole Jacob Sunde.

–?Lat oss byrja med eit enkelt spørsmål: Kva meiner du var feil med min analyse av Schibsted her i Dag og Tid for to veker sidan?

–?For meg har du feil premissar for din analyse. Du skodar attende. Det er ikkje gale i seg sjølv, men det du legg vekt på, er marginane og innteninga til media fram til i dag. Men det som er utfordringa for både konsernleiinga og meg som leiar, er dette: Korleis løyser vi dei problema som journalistikken står andsynes i åra framover? Og det gjer vi korkje gjennom å heva eller å redusera marginane. Det gjer vi gjennom å skapa drivverdige forretningsmodellar for framtida.

For høge marginar?

–?Det kan vel med ein viss rett hevdast at Schibsted har sett så høge krav til marginar at det har gått ut over journalistikken og gjort han mindre berekraftig? Bergens Tidende (BT) har ikkje lenger lokalkontor i Stryn, Førde og på Stord.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement