Inga typisk norsk jul

Publisert Sist oppdatert

Som muslim likar eg å lesa om Jesus i Bibelen. Eg vert alltid like rørd. For eg har oppdaga eit menneske som det er vanskeleg å ikkje respektera og endå vanskelegare å ikkje verta påverka av. Bodskapen hans er å frigjera sjela frå å dyrka noko anna enn kjærleik: Då ein rik mann ville arva æveleg liv, sa Jesus til han: «Gå bort og sel alt du eig, og gjev det til dei fattige.» Jesus ville frigjera mannen frå det materielle livet.

Då eg som liten gut i hamnebyen Basrah i Irak leika med kameratane mine, møtte vi ofte ein gamal, kvitskjeggja mann som var sufi, altså ein mystikar. Han tala lite. Han tagg pengar heile dagen i sentrum av byen og gjekk forbi oss og gav oss peng­ar. Han gjekk til husa til dei fattige og gav dei pengar, og resten av pengane kasta han i elva ved solnedgang kvar dag. Somme sa han var galen. Eg spurde han kvifor han kasta pengar. «Pengar er årsaka til vondskap i livet. Dei må ikkje ‘sova’ i lommene mine. Frigjer deg frå pengane, son min!» sa han.

Kanskje han las evangeliet og lærde av Jesus? Denne mannen hugsa eg då eg såg på himmelen frå balkongen om natta.

Med eitt er eg her i Noreg. Folk mobiliserer kjøpekrafta si og tenkjer på materielle gåver til sine eigne til jul. Forbruket av feitt, ribbe, kalkun, sukker og akevitt aukar ekstremt. Det er materialistiske festar som går på tvers av slik Jesus ville ynskt å verta feira. Ei slik feiring burde vore ein framand tanke for alle som kjenner visdomskjernen i kristendomen.

Denne materialismen i livet vårt treng å verta kultivert av gamal tradisjon. Fridom er ikkje berre å seia ei meining, men også å leva fri for grådugskap og å kontrollera og dempa sjelelege lyster og kjøpeinstinkt. Norske forfedrar feira jul og hadde nytte av det, men dei gav ikkje kvarandre dyre gåver. Dei var rikare åndeleg.

Eg sukka over den norske jula. Eg tenkte at den beste gåva er å samla familien utan dyre julegåver og lesa litt for dei om Jesu visdom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement