Samtalen
Gullverdiar gøymde i gråstein
Sjeldne jordartar i Noreg kan bli viktige for utviklinga av europeisk industri og forsvar. Men då må staten inn med midlar, meiner professor i tryggingspolitikk Kåre Dahl Martinsen.
Sivilsamfunn og miljøorganisasjonar protesterte mot ei litiumgruve i Colorado våren 2023. Sjeldne jordartar, som litium, trengst til moderne teknologi, mellom anna i kameraet som tok dette biletet. I dag er det Kina som kontrollerer det meste av verdikjeda.
Foto: Rick Bowmer / AP / NTB
Usynlege verdiar ligg under føtene våre. Noreg er eit av landa i Europa med mest mineralressursar. Under grenda Fen ved Ulefoss, der ein urhistorisk vulkan har sørgt for ein heilt spesiell geologi, har ein funne dei største førekomstane av sjeldne jordartar i Europa. Dei treng vi til det meste, frå mobilar og magnetar til batteri og avansert våpenteknologi.
Men førebels er det Kina som utvinn og foredlar det meste av ressursane. Då USA gjekk med på ein tollavtale med Kina måndag, peika fleire analytikarar på at Kina hadde pressa amerikanske styresmakter ved å stogge eksporten av sjeldne jordartar. Og dei norske ressursane kan bli eit viktig trumfkort for Noreg. Støre og Stoltenberg trekte fram Fensfeltet då dei vitja Det kvite huset for to veker sidan.
– Eigentleg er eg ikkje så imponert over at Stoltenberg trekte fram Fensfeltet som ein joker frå norsk side, for vi har ikkje klare planar for kva vi gjer med feltet enno. Det blir omtrent like substansielt som å seie at vi har ven midnattssol.
Det seier professor Kåre Dahl Martinsen frå Institutt for forsvarsstudium. Han forskar mellom anna på økonomisk krigføring og skriv bok om nett kva konsekvensar Kinas mineralmonopol har for Vesten og Noreg.
– Sjeldne jordartar finst mange stadar i verda. Men i løpet av dei siste tiåra har Kina kome til å dominere marknaden totalt. Korleis enda vi her?
– Kinesiske styresmakter har jobba aktivt for å kontrollere heile verdikjeda. I tillegg til å fremme heimleg produksjon har dei skaffa seg råderett over ressursane i andre land. Norske Elkem, som produserer silisium vi treng til alt frå solcellepanel til datamaskinar, blei til dømes kjøpt opp av eit kinesisk selskap i 2011. Slik er det fleire stadar i verda: Kinesarane driv til dømes gruveverksemd i dei russiskokkuperte områda i Ukraina, der ein finn dei største førekomstane av sjeldne jordartar i landet. Då funna ved Fensfeltet blei annonserte, troppa ein kinesisk delegasjon opp på Statsministerens kontor for å kjøpe retten til å vinne ut minerala. Så er det òg slik at det først og fremst er Kina som har teknologi til å vidareforedle malmen. Styresmaktene har sett inn eit eksportforbod for å hindre at teknologien kjem ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.