Inferno.no

Den som skal lese norske nettaviser, bør ta i akt setninga som Dante las over inngangen til Inferno: «Lat all von fara.»

Publisert Sist oppdatert

Med ope, men skeptisk sinn har eg i ei vekes tid fylgt med på nokre av dei største nettavisene i landet – VG, Dagbladet og Aftenposten, men òg nettutgåvene til NRK og TV 2.

Populariseringa av pressa er sjølvsagt ikkje noko nytt med nettet. Men den nye tekno-logien, som måler lesarinteressa for kvart einskilt oppslag, byd på endå større utfordring for presseetikken enn før.

Den som går inn i denne verda, gjer klokt i å ta i akt setninga som Dante las over inngangen til Inferno: «Lat all von fara.» Alle nettavisene serverer nyhende der kjendisliv, sport og intimitetshistorier fangar meir merksemd enn seriøse oppslag, og vinklar ofte dei seriøse oppslaga på useriøst vis.

Aftenposten er den minst useriøse av dei, medan Dagbladet er som «alltid foran». Så langt føre at lesaren vert teken med på ei reise som fører bort frå denne verda.

Eit religiøst perspektiv

Dei nye nettavisene synest å ha kasta loss frå tanken om pressa som ein vital institusjon for eit fritt samfunn. Dei vender seg i staden til idioten i oss alle for å næra og styrkja han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement