Ikkje nakne menneske!

Facebook driv omfemnande sensur. Denne veka har dei både fjerna bilete og tekster frå mediet.

Publisert Sist oppdatert

Denne veka delte krimforfattar Tom Egeland på Facebook det legendariske napalmbiletet frå Vietnam-krigen der ei ni år gamal naken jente spring ut av landsbyen sin. Straks og med ein gong tok Facebook bort biletet. Difor byrja ei rekkje folk å dela det same biletet, for så å oppleva det Egeland opplevde. Etter ei tid gjekk jurist Anine Kierulf ut med sterk kritikk av Facebook for praksisen. Det heile enda med at teksta til Kierulf vart fjerna av Facebook.

–?Kva var det som hende?

–?Eg la merke til diskusjon rundt denne napalm-jenta. Eg såg òg at Facebook grunngav det med at dei hadde retningsliner mot nakne kroppar. Men eg har sett mykje ulikt på Facebook og fann ut at eg ville testa regimet, som eg ikkje forstod. Det er ikkje nett lett å skjøna kvar dei legg lista. Difor la eg ut fleire ulike bilete: ei teikning av då Donald miste trøya og brått forstod at han var naken, eit aktbilete av ei kvinne som synte ei brystvorte, Munchs­ pubertet og David-statuen til da Vinci, og fleire andre bilete, pluss napalmbiletet. Eg postla alt saman med ei tekst på engelsk.

–?Kva rauk fyrst?

–?Vel, David-statuen fekk eg ikkje eingong lasta opp. Men fyrst rauk vel aktbiletet, så napalm­biletet. Så fekk eg streng melding frå Facebook om at no måtte eg skjerpa meg og gå gjennom alle bileta mine på Facebook. Så høyrde eg ikkje meir, men brått var til og med teksta mi borte. Og det siste tykte eg var svært rart, for ingen stader i retningslinene til Facebook står det at det ikkje er lov å kritisera Facebook.

–?Men det er vel forståeleg at dei ikkje vil støyta menneske?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement